11 legar i karantene i Ullensvang

Roald Aga Haug (Ap). .arkivfoto: Eli Lund

Roald Aga Haug (Ap). .arkivfoto: Eli Lund

Det er gjennomført 45 testar i kommunen. No er det 40 ordinære testar igjen.

DEL

Det melder ordførar Roald Aga Haug i ei pressemelding.

- Ullensvang kommune er svært nøgd med at innbyggarane legg stor innsats i å følga tilrådingane vi kjem med kring smittevern, avgrensa kontakt med andre og avgrensa reise til det som er strengt naudsynt. Innbyggarar og arbeidstakarar skal ha stor honnør for innsatsen i vanskelege tider, skriv han.

Fleire har etterlyst svar på kor mange testar som er gjennomført. No går kommunen ut med denne informasjonen:

  • Det er gjennomført 45 testar.
  • Vi har 40 ordinære testar igjen.
  • Det kjem 200 hurtigtestar tilsendt på måndag.
  • Vi har bestilt ytterlegare ordinære testar.Det er ikkje påvist smitte i Ullensvang kommune per 18. mars.
  • Nokon prøvesvar ventar vi på.

I dag har kommunen 44 personar innan helse og omsorg som er i karantene. Blant dei er det 11 legar.

- Desse legene bruker digitale løysingar og arbeider på heimekontor i karantenetida. Det er ulik utløpsperiode på karantenen for dei ulike tilsette. Såpass mange helsearbeidarar i karantene legg stort press på dei som er tilsett i tenesta. Mange gjer stor innsats for å halda tenestene oppe på eitt godt nivå. Legane som er i arbeid gjer ein stor innsats. Legevakt er bemanna opp og vi er svært takksame for det solide arbeidet legane og andre faggrupper legg ned, skriv Aga Haug.

Legane i kommunen vil bli utstyrt med utstyr for videokonsultasjon som gjer det mogleg å diagnostisera pasientar utan å utsetja seg sjølve eller pasienten for unødig smittefare.

- Det er no 84 personar med relevant fagbakgrunn som har meldt seg til teneste som vikarar innan helse og omsorg. Dette er vi svært nøgd med. Kommunen vil vurdera nøye i dagane som kjem kven ein har behov for no. Samt planlegga opplæring på spesifikke område. Mannskapsmessig er det mest kritisk med helsepersonell. Kommunen tenker no månader og år fram i planlegginga slik at vi har ei langsiktig planlegging rundt bemanninga, skriv ordføraren.

Vidare kan han melda at områda Rullestad og Fjæra i Etne kommune får unntak for innreiserestriksjonar i Ullensvang kommune. Dei kan nytta butikk og anna på like vilkår som innanbygds innbyggarar i Ullensvang.

- Vegvesenet gjennomfører naudsynt utbetring/sikring på Rv13 ved Teigen for å hindra at vegen fell ut. Åpne/lukke-regime ser ut til å fungera bra, skriv ordføraren.


Artikkeltags