Tore Bergum innstilt som partisekretær

Av

Tore Bergum er innstilt som partisekretær i Miljøpartiet Dei Grøne, som held landsmøte i Bergen til helga.

DEL

Bergum sit i heradsstyret for SV, men har vore med i Dei Grøne sidan 1994 og hadde partisekretær-vervet i perioden 96-99. Han sit òg i fylkesstyret for partiet.

Kapasitet

- Tore har stor kapasitet, og me er særs glade for at han har valt å stilla. Han er ein organisasjonsbyggjar som saman med det nyelandsstyret vil leggja grunnen for eit slagkraftig grønt alternativ tilstortingsvalet neste år, seier Jarle Fagerheim, leiar for valnemnda i partiet.

Talspersonar

Dei Grøne har i likskap med mange andre grøne parti ingen partileiar, men valnemnda har føreslege Hanna Elise Marcussen (30) frå Oslo og Sondre Båtstrand () frå Bergen som nasjonale talspersonar.

Artikkeltags