Haustmøtet til villreinforvaltninga bar sterkt preg av dei sterke skuldingane som er retta mot forskarar og byråkratar. - Vi har ikkje fortent tillit, men gje oss ein ny sjanse, sa direktør Janne Sollie i Direktoratet for naturforvaltning (DN).
Kalender | ||
Moldes jazzfestival ble arrangert for 50. gang i år. Se bilder fra både årets festival og mange av tidligere års høydepunkter!
Se alle bildene
Mens Contador kunne ikle seg den gule ledertrøyen, til piping og buing fra publikum.
Se bildene fra den 15. etappen| Publisert 07.12.2003 kl 18:56 Oppdatert 07.12.2003 kl 18:58 |
Det var knytt stor spenning til det årlege haustmøtet til villreinnemnda og villreinutvalet. Både direktoratet og Norsk institutt for naturforskning (NINA) stilte med toppsjefane på Lofthus. Bakgrunnen for at dei tok turen er dei sterke skuldingane som er retta mot DN-byrå kratar og forskarar i NINA. I hovudsak går skuldingane ut på ei samrøre mellom DN og NINA, at tilsette utnyttar sine posisjonar for å oppnå eigne fordelar, at byråkratar behandlar saker sjølv om dei er inhabile, at lokalforvaltninga blir overkøyrt og at både DN og NINA manglar tillit.
- Det er vondt å høyra slike skuldingar. Vi er avhengige av tillit. I etterkant av avisoppslaga i Nationen, har vi hatt ein grundig gjennomgang i direktoratet, sa direktør Janne Sollie.
Innskjerpar rutinane
Sjølv om Sollie la seg flat for mykje av kritikken, avviser ho på standane om manglande habilitet. - Det har gått rykte om uheldige forhold. Dei har sikkert ein viss «sannhetsgehalt». Vi vurderer rutinemessig habiliteten til våre folk og har ikkje funne uheldige forhold når det gjeld habilitet, sa Sollie.
DN har fått mykje «pepar» for å opptre arrogant og for å vera ein vanskeleg samarbeidspartner. - Vi har forsømt oss og burde i mange samanhengar vore representerte med leiarar på drøftingsmø te i villreinforvaltninga, sa ho.
Ei brennheit sak er DN si overprøving av kvotevedtaket for haustjakta. Lokalforvaltning ba om freding, men direktoratet overkøyrde forvaltninga og lytta i staden til tre klagepartar. -Vi burde unngått uklare formuleringar i vårt kvotevedtak og burde i langt større grad lytta til lokalforvaltninga, sa Sollie, som ikkje kunne tolkast på annan måte enn at ho angra på at DN opna for jakt i haust.
Kritkken mot NINA
Seksjonssjef Terje Bø i DN hadde ei lang utgreiing om korleis DN behandla kvotesaka i haust. Han vedgjekk ei rekkje feilvurderingar. Bø sa også at DN ikkje hadde venta sterke lokale reaksjonar. Dette utsegnet fekk fleire til å tenna på pluggane. Kit Hedegart Flaata frå Uvdal sa at DN er ein elefant i eit edderkoppnett. Fleire stilte spø rsmål ved dei sosiale antennene når DN-tankegangen var at: «Vi visste ikke at dere skulle bli så sinte».
Forskingsdirektør Norunn Myklebust hadde også ein tøff jobb. Forskinga er møtt med manglande tillit. Kritikken som er framført i avisa Nationen går på følgjande forhold: samrøre mellom forsking og personleg interesse og privat jaktavtale, ulovleg motorferdsle og kritikk frå andre forskarar om at NINA ikkje lyttar til andre forskingsmiljø.
Skiftar ut personar
Myklebust vedgjekk ulovleg bruk av helikopter i samband med eit forskingsoppdrag, elles avviste ho ulovlege forhold ved instituttet. Fjellstyreleiar Magnus Solbakken frå Røldal spurde korleis NINA kvalitetssikrar arbeidet når instituttet bommar med 100 prosent på stammestorleiken. - Eg beklagar at vi rekna feil og er glad for at det no ikkje er diskusjon om datagrunnlaget, sa Myklebust, som ønskjer eit tettare samarbeid med lokalforvaltninga.
Ho lova at NINA skal opna databasane sine for andre forskarar og at instituttet skal bli flinkare med informasjon. I samtale med Hardanger Folkeblad sa Norunn Myklebust at NINA skal trekkja inn andre forskingsmiljø , blant anna frå Ås og NTNU.
Både Solli i DN og Myklebust i NINA sa at deira tilsette kjem til å få innskrenkingar i høve til jakt- og fiskeutøving, dersom det kan koma i konflikt med integriteten. Vi skal ha klare køyrereglar, seier dei.
HF får også stadfesta at Johan Danielsen i DN og forskar Olav Strand i NINA ikkje lenger skal ha sentrale posisjonar når det gjeld Hardangervidda.
Ullensvang Tide har fått fornya ferjekontrakten for sambandet Kvanndal – Utne – Kinsarvik fram til 2018. Les meir
HF nyhende Tidlegare, mangeårig HSD-bussjåfør Arvid Næsheim i Eidfjord etterlyser rutetabbelane i busskura, slik ein hadde før. Les meir
Politiet i Hardanger aksjonerte i dag morges (onsdag) mot to kjøretøy der fører var mistenkt for å ha kjørt i ruset tilstand. I begge bilene ble det funnet tyvegods.
Tide har fått fornya ferjekontrakten for sambandet Kvanndal – Utne – Kinsarvik fram til 2018.
Det har fredag ettermiddag vært forsinkelser på opptil to timer på sambandet Bruravik -Brimnes.
Fem personer ble skadd i en ulykke på E134 i Morgedal i Telemark onsdag ettermiddag. De fem er fra Røldal.
Siste kommentarar