Ti dyr felt i Røldal

Jegerane i Røldal tok ut jaktkort i haust. Fjellstyreleiar Magnus Solbakken har ikkje komplett statistikk over jaktresultatet, men han seier at det ikkje vart skote meir enn ti dyr.

Publisert 25.09.2003 kl 20:31 Oppdatert 25.09.2003 kl 20:31

Tips ein venn på e-post:

...
JAKTA ER OVER. - Det var litt dyr i Hellevass under jakta, men det er maksimalt felt 10 dyr på røldalskorta i haust, seier leiar Magnus Solbakken i Røldal fjellstyre.

Røldal fjellstyre sette jaktperioden til fjorten dagar dette året. Sjølv om dei fleste korta vart løyste inn, har det vore laber interesse også i Røldal. - Vi har ikkje hatt overnattingar på fjellstyrehyttene ved Holmavatnet og i Hellevass, seier han.

I byrjinga av jakta vart det skote nokre bukkar. - Det vart jakta i næ rleiken av Glupen. Det vart også skote tre-fire dyr i Hellevass-områ det. Eg har ikkje statstikk over fellingsresultatet, men eg trur det er skote å tte til ti dyr, opplyser Solbakken. Etter det HF forstår er det stort sett bukk som er felt av røldalsjegerane.

Null jakt

Jegerane i Odda og Eidfjord valde å ikkje ta ut jaktkorta dette å ret i protest mot Direktoratet for naturforvaltning si overprøving av lokalforvaltninga sitt fredingsvedtak. I Ullensvang tok to jegerar ut kort, men fjellstyreleiar Ragnar Ystanes opplyser at dei ikkje jakta. - Etter det eg kjenner til var det heller ingen private som tok ut kort. Fellingsprosenten i Ullensvang er dermed null, seier han.

Fjellstyra i Eidfjord, Odda og Ullensvang oppmoda jegerane om å ikkje ta ut jaktkort dette året. Dei ser ut til å ha hatt full utteljing i sine område. Johnny Vikne i Odda fjellstyre opplyser til HF at ingen jegerar i Odda tok ut jaktkort.

Vekst i vinterstamma

Røldølene følgde ikkje same linje som jegerane i dei andre allmenningane. Solbakken meiner at det ikkje er riktig å kritisera den einskilde jeger for å ha dratt på jakt.

- Er det nokon som skal kritiserast, må det vera oss i forvaltninga. For to år sidan gjekk lokalforvaltninga inn for ein fellingskvote på 5000 dyr sjølv om vi då visste at det var lite dyr på vidda. I fjor vart villreinkvoten sett til 2500 dyr. Røldal fjellstyre anka dette kvotevedtaket, men fekk ikkje medhald. Då fekk vi kritikk for at vi ville setja foten ned, seier Solbakken.

Reinsjakta i Røldal er over for i år, men i dei private valda i Telemark varer jakta ut september. Det ligg difor ikkje føre statistikk over fellingsprosenten for villreinjakta i haust. Det er uansett på det reine at det blir ein reell vekst i vinterstamma etter denne jaktsesongen.

Mest lese no



Mest sette bileteserie


HF Lesarbilete

...





Innanriks

...

Besøker 100 bedrifter

Politikk Arbeiderpartiet går aktivt ut for å lodde den vanskelige situasjonen i næringslivet. Les meir


...

Tar opp Telenor-saken

Næringsliv Allerede til uka blir Telenor-saken etter alt å dømme tema i samtalene regjeringen skal ha med indiske myndigheter. Les meir


...

Reagerer på nye bilder

Innenriks Flere norske medier publiserte fredag nye bilder av Anders Behring Breivik etter pågripelsen på Utøya. Les meir


Utanriks

...

Kampene fortsetter

Utenriks Sinte egyptiske aktivister kastet steiner, og politiet svarte med tåregass og skyting i nye sammenstøt i Kairos gater. Les meir


...

Kampene fortsetter

Utenriks Sinte egyptiske aktivister kastet steiner, og politiet svarte med tåregass og skyting i nye sammenstøt i Kairos gater. Les meir



Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.