Det at Odda kommune takka ja til samarbeidsprosjektet mellom Miljødepartementet og Riksantikvaren om å bli ein pilotkommune for verdiskaping på kulturminneområde, har gitt midlar til Odda i form av pengestøtte og tilgang på fagleg kompetanse.
Thea Kvamme Hartmann og Kyrre Tveitereid Westengen er to landskapsarkitektar frå Arkitekthøgskolen i Oslo. I regi av pilotprosjektet er dei invitert til Odda for å arbeida med smelteverksområdet til den avsluttande oppgåva i utdanninga, diplomen. Dei har også tidlegare samarbeida om eit prosjekt om landskapsløysingar på nedlagte industriområde. Den gang i Detroit, USA. I løpet var våren vil dei laga eit forslag til korleis smelteverksområdet kan utvikla seg.
Raske tiltak
Arkitektstudentane har allereie sett at det er mange
små tiltak som kan iverksettast ganske så raskt slik at folk får sjå og
kjenna at ein er på veg.
- Vi vil konsentrera oss om kva tiltak
som kan settast i gang med ein gong på tomta, seier Hartmann og legg til:
-
Det er viktig at det ikkje blir laga ein masterplan som blir tredd nedover
hovudet på folk, men at Odda går i gang med små tiltak som vil vera reelle
uansett kva utfall det blir i framtida. Resten kan komma etter kvart.
Hartmann og Westengen meiner begge det er interessant at UNESCO no set industri opp på verdsarvlista på lik linje som andre kultur- og naturminne, og viser slik at også industrien kan vere verdt å ta vare på og bli fascinert av. - Det er berre eit knippe av industriområde som er blitt tatt vare på, og Odda er særlig fascinerande og spesielt i og med at det ligger midt i sentrum, og ein kan utvikla eit nytt samfunn her, seier Westengen.
Dei presiserer likevel at dei vil laga eit forslag som kan fungera for Odda
uavhengig om det i framtida vert UNESCO-status eller ikkje. Derfor har dei
konsentrert seg om det området som kommunen allereie eig.
- Vi vil
opne opp smelteverksinngangen og området med ein veg ut mot Opo slik at folk
kan få eit anna syn både på området og elva, seier Hartmann og Westengen.
Dei vil teikna eit område som vil bli brukt av heile lokalsamfunnet. Dei har latt seg fascinera av byggeskikkar og små gater på baksida av gågata, og ser at smelteverkstomta kan fungera ei forlenging av den. Dei vil også kopla smelteverket sterkare opp mot Hjøllo slik at heile området blir tatt i bruk og at folk får eigarskap til tomta.
Høyre på folket
Westengen og Hartmann skal i løpet av
dei ti dagane dei er i Odda snakka med alle slags folk for å få innspel til
utarbeidinga av diplomoppgåva. Dei er rett og slett interesserte i kva folk
vil ha på tomta.
Dei vil derfor bruka mykje av Gro Lavold sin rapport om smelteverkstomta,
men også prata med ungdommar, eldre og andre diskusjonsvillige folk. Dei har
allereie møtt eit par tilfeldige oddingar på gata som har sterke meiningar
om tomta.
- Vi traff ei dame som fortalte at ho ikkje ville bevara noen
bygningar fordi ho ville ha park, men det er fullt mulig å få til begge
deler, seier Hartmann.
- Mange seier dei vil riva alt fordi det er så
stygt. Det er ikkje rart. Slik bygga står i dag, ser alt ut som skrot og det
kan vera vanskeleg å sjå at det nokon gong kan bli bra, seier Westengen.
-
Ein skal også huska på at det som blir sett på som vakkert endrar seg over
tid. Det er ikkje lenge sidan teglsteinshus blei sett på som stygge. Det er
først i dei siste åra det er blitt ”vakkert” igjen, legg Hartmann til.
Westengen meinar det handlar berre om å framstilla og presentera bygningane
på rett måte. Han vil ikkje kopiera eit lysshow på industribygg i Tyskland,
men iscenesetta bygningane på ein måte som gjør det spesielt for Odda.
-
Det er viktig å fokusera på kva folk har lyst å gjera på tomta. Det fortener
både folka og bygningane, seier Westengen
Arkitektstudentane har etter eit par besøk danna seg eit positiv bilete på Oddasamfunnet. Håpet deira er no at så mange som mogleg dukkar innom kontoret i administrasjonsbygget for å gje gode innspel til teikninga av det nye smelteverksområdet.
terror-saken Marte Fevang Smith (18) og ti andre AUF-ere bestemte seg for å spille død for å slippe unna Anders Behring Breivik. Løpende oppdateringer nederst i saken. Les meir
terror-saken Medlemmene i Stortingets justiskomité ble mandag orientert om gjennomføringen av rettssaken mot Anders Behring Breivik. Les meir