Mange spørsmål rundt bokverk om Hardanger

60 personar var påmelde til seminar om bokverket «Regionshistorie for Hardanger» sist helg. Mange kom med innspel om kva bøkene burde innehalda.

www.hardanger-folkeblad.no_admin admin
Publisert 09.11.2006 kl 13:19 Oppdatert 03.09.2008 kl 10:36

Tips ein venn på e-post:

...
Professor i historie ved UiB, Ståle Dyrvik. Bak frå v: Svein Ivar Angell ved Rokkansenteret UiB, og Inge Reinsnos i boknemnda.

Professor i historie ved Universitetet i Bergen, Ståle Dyrvik, har sidan 1980-talet hatt interesse for ei regionshistorie for Hardanger. I dag er han på mange måtar glad for at det ikkje har vorte noko av prosjektet før no. Det forklarar han med nedlegginga av industrien.

- Med nedlegginga av industrien både i Odda og Ålvik må vi i dag sjå på Hardanger si historie med heilt andre auge, sa Dyrvik under innlegget han held på Hardanger Folkemuseum sist helg.

Hardangeridentitet

Dyrvik sitt innleiingsføredrag bar namnet «Kvifor ei regionshistorie for Hardanger?», eit spørsmål han meinte at hardingane sjølve måtte finna svaret på.

Under føredraget snakka Dyrvik mellom anna om historikken til lokalhistoria, og ulike måtar å skriva lokalhistorie på. Eit viktig tema var omgrepet identitet.

- Det er ingen tvil om at vår norske identitet er viktig, men er det nokon som til dømes synest det er viktig å vera hordalending?, spurde Dyrvik. Hardangeridentiteten var eit sentralt tema, blant anna kom han inn på omgrepa harding, kvemming og odding, kvifor alle kallar seg hardingar når dei er utanfor Hardanger, og ulikskapen mellom hardingomgrepet og hardangeromgrepet.

Kor stort er Hardanger?

Etter Dyrvik sitt innlegg var det ope for spørsmål og ytringar frå salen. Fleire var interesserte i å veta kor mykje ei regionshistorie for Hardanger skal gapa over.

Sjur Tarjei Fykse frå Kvam Sogelag og Lars O. Bleie frå Hardanger Historielag (sistnemnde medlem i boknemnda), var begge opptekne av spørsmålet om kvar dei geografiske grensene for Hardanger går.

- Kulturgrenser og språkgrenser bryt med administrative grenser, sa Bleie.

Det vart føreslege at ein måtte streka opp dei geografiske grensene for kva som er Hardanger, for så i neste omgang forklara kvifor grensene har oppstår akkurat der dei er i dag.

Kva skal takast med?

Spørsmålet om ein med dette verket skal framheva ein hardangeridentitet eller problematisera hardangeridentiteten vart teke opp. Nokre var opptekne av kor vidt Røldal er ein del av hardangeridentiteten eller ikkje.

Oddmund Hus i historielaget og boknemnda ville ha svar på kva historiske hendingar det er viktig å bruka plass på, og kva ein skal hoppa over.

- Kva er det viktig å få med? Kva er mindre viktig? spurde Hus.

Her vart Haldor O. Opedal sine etterlatne skrifter nemnde som ei kjelde det er viktig at nokon grip fatt i.

Anne Lutro var oppteken av at kvinnekulturen opp gjennom historia må takast med.

- Kvinnesaksarbeid, kvinneorganisasjonar og barnekultur er viktig å få med, sa Lutro

Kven skal lesa verket?

Johan Storm Munch stillte spørsmål om kven som skal lesa trebindsverket.

- Er det retta mot folk flest eller høgt utdanna folk?, spurde Munch, og viste til Kvam bygdebok som ei tung bok å lesa. Han meinte at bokverket må gjerast interessant og lesbart for eit breitt publikum.

Oddmund Hus svarte til dette at meininga er at bokverket skal vera lettlest, men samstundes fagleg forankra.

Rokkansenteret ved Universitetet i Bergen har sagt seg interessert i å vera forfattar av verket. Fleire historikarar frå Rokkansenteret var med på å skriva Vestlandets Historie, som kom ut i oktober i år.

Knut S. Hildal var oppteken av at bøkene må bli lette å bruka.

- Dei nye bøkene om Vestlandets Historie er for store. Maks 350 sider, sa Hildal.

Mest lese no



Mest sette bileteserie


HF Lesarbilete

...





Innanriks

...

Besøker 100 bedrifter

Politikk Arbeiderpartiet går aktivt ut for å lodde den vanskelige situasjonen i næringslivet. Les meir


...

Tar opp Telenor-saken

Næringsliv Allerede til uka blir Telenor-saken etter alt å dømme tema i samtalene regjeringen skal ha med indiske myndigheter. Les meir


...

Reagerer på nye bilder

Innenriks Flere norske medier publiserte fredag nye bilder av Anders Behring Breivik etter pågripelsen på Utøya. Les meir


Utanriks

...

Kampene fortsetter

Utenriks Sinte egyptiske aktivister kastet steiner, og politiet svarte med tåregass og skyting i nye sammenstøt i Kairos gater. Les meir


...

Kampene fortsetter

Utenriks Sinte egyptiske aktivister kastet steiner, og politiet svarte med tåregass og skyting i nye sammenstøt i Kairos gater. Les meir



Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.