Ti tusen kroner for hund

Fredag 6. oktober forsvann ein ung hund i området ved Bakkatjørn aust for Tinnhølen på Hardangervidda. No lovar eigarane ein dusør på 10 000 kroner til den som finn han.

www.hardanger-folkeblad.no_admin admin
Johannes Sekse E-post
Publisert 12.10.2006 kl 13:02 Oppdatert 03.09.2008 kl 10:37

Tips ein venn på e-post:


- Me er heilt fortvila, seier Nina Søyland, syster til hundeeigaren. Onsdag var ho og mannen Øystein Monsen i ferd med å setja opp plakatar i Eidfjord.

I går, torsdag, nesten ei veke etter at hunden forsvann, har dei ikkje sett noko til han, sjølv om dei har leita og leita i området. Hunden er ei toårig tispe av rasen strihåra dachs. Ho lyder namnet Emi, og er ID-merka.

Eigarane Rimkje og Ivar Søyland kom til Statkraft si hytte ved Bakkatjørnane sist fredag. Etter ein time tok dei seg ein kort jakttur. Då fekk hunden los på ein hjort. Og det var det siste dei såg til han.

Etter det har han vore borte. Både dei og systera har vore inn att og leita utan resultat. Dei har også sett ut mat, men ingen har rørt den.

Sidan hunden er ung og ikkje kjend i terrenget, fryktar dei for at han kan ha hamna svært langt avgarde. Sidan det er lite folk att i fjellet, er sjansen for at nokon kan møta på han liten.

No freistar dei difor med å lova 10 000 kroner til den eller dei som finn Emi. Dei kan kontakta HF ved Johs H. Sekse på mobiltelefon 411 05 951, så får me både vidareformidla og informera korleis det går.

Mest lese no



Mest sette bileteserie


HF Lesarbilete

...





Innanriks

...

Besøker 100 bedrifter

Politikk Arbeiderpartiet går aktivt ut for å lodde den vanskelige situasjonen i næringslivet. Les meir


...

Tar opp Telenor-saken

Næringsliv Allerede til uka blir Telenor-saken etter alt å dømme tema i samtalene regjeringen skal ha med indiske myndigheter. Les meir


...

Reagerer på nye bilder

Innenriks Flere norske medier publiserte fredag nye bilder av Anders Behring Breivik etter pågripelsen på Utøya. Les meir


Utanriks

...

Kampene fortsetter

Utenriks Sinte egyptiske aktivister kastet steiner, og politiet svarte med tåregass og skyting i nye sammenstøt i Kairos gater. Les meir


...

Kampene fortsetter

Utenriks Sinte egyptiske aktivister kastet steiner, og politiet svarte med tåregass og skyting i nye sammenstøt i Kairos gater. Les meir



Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.