Vasseksport frå Hovland

Satsar 185 millionar

Det går raskt framover med Nordic Ice Water Company (NIWC) sine planar om å etablera ei verksemd for vasseksport på Hovland. Samla investeringar kjem på 185 millionar kroner, og det er von om produksjonsstart i 2007. Vasseksporten kan gje mellom 20 og 25 nye arbeidsplassar.

www.hardanger-folkeblad.no_admin admin
Publisert 09.06.2006 kl 13:20 Oppdatert 03.09.2008 kl 10:37

Tips ein venn på e-post:

...
Vert det produkjson av flaskevatn i desse lokala på Hovland vert det lagt opp til ein årsproduksjon på 200 mill. flasker. Foto: Silje Andvik Hoaas

For å starta med produksjon av flaskevatn på Hovland er det samla kapitalbehovet på 185 millionar kroner. Eit vilkår for at driftsselskapet «Nordic Ice Water Company» AS (NIWC) etablerer verksemda si på Hovland, er at eit eigedomsselskap står som eigar av-, og legg til rette produskjonslokala og infrastrukturen i tilknyting til dette.

Ullensvang herad har saman med Røynstrand Eiendom AS skipa selskapet Hardanger Industripark AS, som skal inngå som eigedomsselskap i samband med etableringa av flaskevatnproduksjon.

NIWC skal stå for 100 millionar kroner i kapital, i tillegg til ein driftskapital på 30 millionar kroner, medan Hardanger Industripark kalkulerer med investeringar på 54,9 millionar kroner.

Ny infrastruktur

Det vert lagt opp til at Ullensvang herad og Hordaland fylkeskommune skal investera i ny infrastruktur på Hovland, kostnadsrekna til 16 millionar kroner. Det dreier seg då om investering i ny kai, veg, bru og trafikkareal på området.

Heradet har sendt søknad til fylkeskommunen med 50/50 fordeling mellom fylkeskommunen og heradet.

Søknaden skal fylkestinget ta stilling til i byrjinga av neste veke.

Ullensvang herad skal bidra med 8 millionar kroner, der 6 millionar vert låneopptak, medan 2 millionar vert finansiert gjennom unytta løyvingar frå næringsfondet.

Saka om finansiering av infrastruktur skal opp i formannskapet førstkomande måndag, med endeleg vedtak i heradsstyret den 19. juni.

Ved ein rask avklaring i heradet og i fylkestinget har NIWC høve til å få med seg delar av sesongen 2007.

Les meir i papirutgåva fredag 09.06

Mest lese no



Mest sette bileteserie


HF Lesarbilete

...





Innanriks

...

Besøker 100 bedrifter

Politikk Arbeiderpartiet går aktivt ut for å lodde den vanskelige situasjonen i næringslivet. Les meir


...

Tar opp Telenor-saken

Næringsliv Allerede til uka blir Telenor-saken etter alt å dømme tema i samtalene regjeringen skal ha med indiske myndigheter. Les meir


...

Reagerer på nye bilder

Innenriks Flere norske medier publiserte fredag nye bilder av Anders Behring Breivik etter pågripelsen på Utøya. Les meir


Utanriks

...

Kampene fortsetter

Utenriks Sinte egyptiske aktivister kastet steiner, og politiet svarte med tåregass og skyting i nye sammenstøt i Kairos gater. Les meir


...

Kampene fortsetter

Utenriks Sinte egyptiske aktivister kastet steiner, og politiet svarte med tåregass og skyting i nye sammenstøt i Kairos gater. Les meir



Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.