Nytt turisttilbod i Odda

Laurdag opna Vasstun Gjestehus & Opplevelsessenter ved innfallsporten til Odda, med panoramautsikt ut over Sandvinvatnet.

Bak den ombygds aldersheimen står Anna Bjørkevoll, Jostein Soldal og brørne Tor og Bård Bye (sistnemnde var ikkje til stades under opninga.

Johannes Sekse E-post
Publisert 27.05.2006 kl 19:02 Oppdatert 27.05.2006 kl 19:16

Tips ein venn på e-post:

...
Anna Bjørkevoll, Jostein Soldal og Tor Bye har forvandla den tidlegare aldersheimen i Odda til ei turistperle. Foto: Johs H. Sekse
...
Restaurant Flytande Bjørn er gjennomført i stil, som resten av huset.
...
Med panoramautsikt ut over Sandvinsvatnet, får Anna Bjørkevoll og Jostein Soldal seg ei kvarsi kald pils av Sunniva Helsengreen i baren.

Med det har hovudstaden i Hardanger truleg fått det fyrste av fleire tilbod som skal atterreisa Odda som turiststad. Idyllisk plassert mellom høge fjell, to nasjonalparkar, Folgefonna og Buerbreen har dei entusiastane Anna Bjørkevoll, Jostein Soldal og brørne Bård og Tor Bye forvandla den tidlegare aldersheimen i Odda til ei turistperle.

Hektiske månader

Sjølv om marknadsføringa svikta litt i innspurten, hadde svært mange funne vegen til Vasstun laurdag ettermiddag, då Anna Bjørkevoll og Jostein Soldal orienterte både om dei sju hektiske månadene dei med god hjelp av alt frå lokale entreprenørar, dugnadsvillige medhjelparar, slekt og venner har skapt om som sidan 1927 har vore aldersheim i Odda.

Bygget var i si tid teikna av Olav Holm, medan arkitekt Gro Lavold har stått for forvandlinga. Møbelsnekker Siri Kaland har laga resepsjonsdisken, alle borda i kaffibaren «Rossnos» og restauranten «Flytand Bjørn»

Opphald og oppleving

Som namnet tilseier, skal opphald her kunna kombinerast med tradisjonsrik mat, guida turar og ulike opplevingar.

Vasstun har booking-avtalar heilt fram til 2009. Det er alt frå foreiningar, private arrangement, russetreff, bursdagar og verksemder. I juni skal gjestehuset servera gallamiddag til 120 personar.

Med opninga av Vasstun gjestehus får innbyggjarane i Odda også tilgang til ein moderne kafé som er open heile tida, året rundt. På sommarstid vert det uteservering på ein 60 kvadratmeter stor terasse av skiferheller.

Etableringa betyr også fem kjærkomne årsverk for lokalsamfunnet. Vasstun er også saman med 20 andre reiselivsaktørar frå Odda i prosjektet «Fossenes dal - ei reise verdt».

Etasjar med tema

Mellom måla er også å få cruisebåtturistane til å stoppa i Odda. Det vert også arbeidd med å få i gang pakketurar med hurtigbåt frå Bergen, og flyturistar frå London.

Kvar av dei tre etasjane på Vasstun skal dekorerast etter ulike tema. Første etasje skal omhandla natur, andre kultur. Eit av romma her heiter «Bikubesong», og skal ha både bøker og bilete om både forfattaren Frode Grytten og murboligen.

og informasjon om forfattaren. Tredje etasje skal femna om både kultur og natur.

Dugnadsånda lever

Ordførar Toralv Mikkelsen i Odda stod for den offisielle opninga, og kunne slå fast både at dugnadsånda lever og at framtida til Odda såg ljos ut, både med dette prosjektet, og med alt det andre som i turismens namn boblar opp i kommunen.

Han oppmoda særleg oddingane om å bruka det nye tilbodet, ikkje minst i skuldersesongane. Etter han var det flerie som gratulerte og takka. Og alle var samde med nabo, kollega og keramikar Tove Hidle at: - Nærare himmelen kan du ikkje koma enn her.

Mest lese no



Mest sette bileteserie


HF Lesarbilete

...





Innanriks

...

Besøker 100 bedrifter

Politikk Arbeiderpartiet går aktivt ut for å lodde den vanskelige situasjonen i næringslivet. Les meir


...

Tar opp Telenor-saken

Næringsliv Allerede til uka blir Telenor-saken etter alt å dømme tema i samtalene regjeringen skal ha med indiske myndigheter. Les meir


...

Reagerer på nye bilder

Innenriks Flere norske medier publiserte fredag nye bilder av Anders Behring Breivik etter pågripelsen på Utøya. Les meir


Utanriks

...

Kampene fortsetter

Utenriks Sinte egyptiske aktivister kastet steiner, og politiet svarte med tåregass og skyting i nye sammenstøt i Kairos gater. Les meir


...

Kampene fortsetter

Utenriks Sinte egyptiske aktivister kastet steiner, og politiet svarte med tåregass og skyting i nye sammenstøt i Kairos gater. Les meir



Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.