Trygve D. Syse har no fått varma opp redaktørkrakken såpass at han er klar til å pelme nokre brannfaklar. Forrige onsdag var eg målet. Ved hjelp av nokre lausrivne og ufullstendige sitat hadde Syse nok stoff til å skrive ein kommentar om mine såkalla Odda-profeti, skriv Frode Grytten i dette tilsvaret til HF-redaktøren.
Kanskje var det meint som rein påske-moro. Særlig sannferdig var det ikkje. Syse undrar seg over kva eg eigentlig meiner, men orkar tydeligvis ikkje setje seg inn i det. Verken gjennom å lese kva eg faktisk seier og skriv, eller til dømes gjennom å plukke opp ein telefon for å spørje.
Hadde redaktøren vore litt meir uthaldande, ville han fått med seg at eg i intervju, artiklar, essay og tekstar stadig understrekar Oddas potensiale. At eg snakkar om Oddas kraft, at eg peikar på at Odda har vore gjennom tøffe tider før og har komme styrka ut av det. At eg er opptatt av at stader som Odda har pågangsmot, driv og vilje som gjør at byane overlever trass dei sterke kreftene som forsøker å skade dei og bryte dei ned. Dette ville sjølvsagt ha gjort kommentaren litt meir kompleks og litt mindre underhaldande. Og Syse vil gjerne leve opp til eit nyenkelt ideal utan nyansar?
Tilhøvet mellom faktisk stad og litterær stad er samansett. Det er ei vanskelig øving å formidle dette i intervju. Ved lanseringa av romanen «Flytande bjørn» har eg forsøkt å snakke engasjert og balansert om temaet. Lett har det ikkje vore, og nokre gongar lykkast eg ikkje. Ein skal ikkje skulde på andre, men det er eit faktum at intervjuobjekt aldri kan vere meir nyansert enn kva intervjuar.
Eg har vore heldig og fått ytra meg i mange media. Påfallande nok er Hardanger Folkeblad blant avisene som verken har meldt boka eller gjort eit større intervju med meg om tema i boka. Aviser som Aftenposten, Nationen, Vårt Land, Sunnmørsposten er bare nokre av dei som har vore interesserte, men ikkje Oddas eiga avis. Greitt nok for meg, men då blir det merkelig at Syse på kommentarplass i så sterke ordelag undrar på kva eg meiner. Det er såre enkelt, Syse. Det er bare å spørje. Det kallast journalistikk.
No skal du gå ganske tungt på lykkepilla eller vere lokalavis-redaktør for å sjå bort frå at Odda anno 2006 er i vanskar og har store utfordringar. Eg skulle ønske at Syse var i stand til å heve seg opp frå reine personangrep til å skrive verkelig viktige tekstar om dei utviklingstrekka som gjør at lokalsamfunn som Odda no har hamna i skvis. Om lokalpolitikkens impotens. Om likesæla i den nøytrale næringspolitikken. Om kapitalens frie flyt av produksjonsmiddel og arbeidsfolk. Om globaliseringas innverknad på små industristader. Om marknadsliberalismens manglande hjarte.
Det gjør han ikkje. Syse vil heller skrive om meg, om at eg formidlar ein bodskap utan kjensler. Hadde han vore litt ein mindre fordomsfull lesar, ville han ha sett at tekstane mine flømmer over av kjensler. Han må vere ein av veldig få som ikkje har fått med seg at tekstane er reine kjærleikssongar til heimstaden min. Eg kan sitere frå det eg skreiv i den vesle Bikubegang-boka: «Eg er i alle fall priviligert som har ein slik plass å skrive frå. Sjølv om eg reiste frå Odda då eg var atten, så reiste eg aldri. Odda ligg i alt eg skriv, i språket, haldninga, historiene og stilen. Gata kviskrar namnet mitt, om og om igjen.»
Eg er priviligert, og eg bryr meg om Odda. Derfor skriv eg om Odda. Eg vil at folk utanfor Odda skal oppdage staden og ta vare på han, bry seg om Odda, slik eg gjør. Ikkje bare om det som har vore, også det som er, og det som skal bli. For eg føler ikkje nostalgi eller romantikk knytta til det som har vore, men eg føler eit raseri over at ein ikkje gikk vidare på den vegen som blei staka ut, den kollektive.
Her finst ein døande by, ein by som blei borte, ein solidarisk by som nokon tok livet av. Eg kjenner eit sinne over at ein passivt og viljelaust godtok framveksten av eit samfunn der alle skal vere si eiga lykkes smed (slik det også er for småstader som Odda i den globale verda). Men dommedagsprofeti, Syse? For igjen å sitere noko eg har skrive tidligare: «Dei seier at sørgetida er over i Odda. No er det på tide å ta på seg hatten, reise seg og halde hovudet høgt.»
Med jamne mellomrom får forfattarstanden kritikkk for at vi er for feige. Vi deltek ikkje i samfunnsdebatten. Vi er ikkje engasjerte nok i verda rundt oss. No må forfattarane komme på banen! ropar avisredaktørar og andre. Trygve D. Syse er ikkje blant dei. Tvert om. Avslutningsvis i kommentaren sin ber han meg om å halde kjeft. Han er i alle fall freista til å be meg om å halde kjeft. Det er ei oppsiktsvekkande haldning frå ein avismann som lever av å ytre seg.
Men han er i godt selskap. Like før jul meinte Venstre-politikar Marit Aga Jordal at eg og andre burde flytte heim om vi skulle meine noko om Odda (eller meinte ho eigentlig det? eg veit ikkje). Eg må uansett skuffe den dynamiske duoen, Syse og Aga. Eg kjem ikkje til å halde kjeft. Også i framtida vil eg skrive og meine om Odda. For Odda er heime, og heimplassen har ein både rett og plikt til å meine noko om.
Trygve D. Syse får bare skru redaktørkrakken opp eit par hakk og gjøre seg klar.
Frode Grytten
Odding
Næringsliv Allerede til uka blir Telenor-saken etter alt å dømme tema i samtalene regjeringen skal ha med indiske myndigheter. Les meir