Ei sjølvoppnemnd gruppe av personar med ulik ståstad kastar no fram eit spenstig forslag. Dei vil byggja ein tru kopi av det gamle ærverdige Hotel Hardanger i Odda. Det gamle rådhuset var nord Europas største trehus før det vart rive i 1977.
Kalender | ||
Tømrer Esben Haug startet med en 200 år gammel rønne da han gikk i gang med å bygge. Nå er rønna en moderne enebolig, men det gamle er godt bevart.
Se bildene her
Rosenborg måtte se mesterligadrømmen gå fløyten mot et sterkt FC København.
Se bildene fra dramaet!
Bestillingsverk til Ibsenfestivalens 20 års-jubileum som er iInspirert av Ibsens tolv samtidsskuespill.
Se bildene her|
Johannes Sekse
E-post
|
|
| Publisert 05.02.2006 kl 18:18 Oppdatert 06.02.2006 kl 09:21 |
-Dersom Odda skal satsa på turisme bør me atterreisa det gamle ærverdige Hotel Hardanger. Det var både blikkfang og magnet, seier Reidar Eikemo, som er talsmann for gruppa, mellom anna sidan det var han som fekk idéen.
Eit nytt bygg må få same fasade og det må liggja akkurat der det gamle låg, sjølv om innhaldet nok bør vera meir i tråd med vår tid, seier Eikemo og minnest nord europas største trebygning som skandaløst vart rive på slutten av syttitalet.
Me møter Eikemo heime på Torekoven. Han sit med ei bok frå gamle Odda og peikar på eit bilete av det ærverdige hotellet, fotografert frå sjøsida.
Blikkfanget
Dette var blikkfanget og magneten, det som møtte og trekte turistane hit. Det var ansiktet til Odda, seier han entusiastisk før han nærmast motvillig må slå fast at stemningen i Odda ikkje er den beste for tida.
- Folk i Odda er i opprør. Nokon prøver å vera positive, andre er negative. Eg tenkjer på kva dette samfunnet har fått til før. Til dømes klarte ein å byggja 13 ferieheimar på dugnad. Fem av dei ligg i området her, resten, som Stavanes og Kjellesvik andre stader.
- Eg syns det er trasig at ikkje Odda klarar å dra saman lenger. Eller klarar me det? spør han, og vonar at han får rett når han seier ja. Idéen er spenstig og stor, men slikt stoppar ikkje Oddatreffet sin far og meiningsfellene hans.
- I 1945 låg Berlin brakk. Totalt nedbomba, held han fram. Før me får tid til å spørja om ikkje han er litt ute på viddene no, fossar han vidare:
Er fattige men byggjer
- Mellom bygningane som vart knuste, var ein enorm katedral. Fyrst bygde dei ei kjempeblokk på denne tomta. Men no har dei tenkt seg om. No byggjer dei opp att ein ny katedral på nettopp denne tomta.
- Det same gjer dei andre stader i Europa. Fattige er dei, men byggjer gjer dei, seier han med glød, og dreg parallellen attende til Odda og Almerketomta.
- Då eg fekk høyra at reguleringsplanen skulle ut på ny runde, fekk eg idéen om å byggja opp att ein kopi av Hotel Hardanger, seier han og peikar på nytt på biletet av det staselege bygget.
- Bygget må verta funksjonelt og drivverdig, og kan innehalda mange av dei funksjonane som ein har tenkt seg inn på Almerket. Mellom anna handtverksbutikkar, andre butikkar og småverksemder, turistkontor og utleigehusvere. Ein kunne til og med fått plass til ei gågate inne i bygget, som var konstruert som ein stor V.
Matsalen sentral
- Det er berre fantasien som set grenser, seier han før han slår fast at to ting må vera med, den imponerande matsalen med utskjeringane til Lars Kinsarvik - og Rotunden, det imponerande og enorme inngangspartiet. Matsalen ville verta sentral.
- Tenk deg Odda si storstove. Me kunne invitera paven. Keiser Wilhelm var her jo fleire gonger. Kva med NM i latindans i den gedigne salen, medan me som publikum stod langs galleria i etasjane oppetter. Aldri trong me tenkja på regn når me inviterte til større arrangement, ivrar han vidare.
- Bygget må fyllast med fornuft. Mellom anna burde me fått laga ein film som på natursenteret i Eidfjord. Men med tema om tida frå tidlegare turisme og jordbruk, via industrialiseringa og attende til den nye tida. Me kunne formidla både norsk industri- og turisthistorie på ein glitrande måte.
Ei stor næring
- Bygget må liggja akkurat der det gamle låg og fasaden må vera den same, helst med dei same fargane - raudt med kvite lister. Dermed ville Odda atter fått eit blikkfang som ingen andre har.
- Det vert nok kostbart, men dersom me vil får me det til, slår han fast. Mellom anna meiner han at når Odda har gitt så mykje til storsamfunnet, bør dei kunna forventa noko attende.
- Me må sjå langt fram og tenkja stort, men heller ikkje gløyma at også sjølve byggjefasen gje arbeid til mange oddingar. - Eg har lyst å sjå den oddingen som torer seia nei til dette, seier idé-oppkoma frå Torekoven.
Eventuelle pessimistar ber han tenkja på Sveits. Det landet har ikkje storindustri, heller ikkje fossar og fjordar. Men turisme er ei av dei store næringane.
Mange klapp
Dei som var med på det fyrste møtet, var i tillegg til Reidar Eikemo, Gard Folkvord, Terje Kollbotn, Inge Reinsnos, Robert Henkel, Knut Kvandal og Terje Dagestad. Randi Baartvedt, Ingebjørg Sekse og Marny Skeie Henkel var også inviterte, men hadde ikkje høve til å møta denne kvelden. Men både dei og mange andre har vore positive til idéen.
- Det same har tidlegare, sentrale politikarar, seier Eikemo, som har fått mangt eit klapp på aksla. Møtet munna også ut i at ein skulle arbeida vidare med idéen og koma med han som innspel når området skal ut på nye reguleringsrunde. På neste møte vonar han å ha endå fleire med, og gruppa er opne for innspel for å få atterreisa ein kopi av nordeuropas største trebygning, sjølve symbolet på Odda som turiststad.
HF nyhende Det vart eit magert resultat for Kystvaktskipet KV Tor då dei sjekka fiskeria i Sørfjorden og Eidfjord nyleg. Det tykkjer skipssjefen er svært gledeleg. Les meir
HF nyhende Politiet i Hardanger har dei siste vekene - og særskild siste netter, motteke og registrert fleire innbrot og grove tjuveri
frå verksemder på vestsida. Les meir
Onsdag ettermiddag fekk politiet eit anonymt tips om ein motorsykkel som kunne vere stolen i Odda.
Politiet i Hardanger har dei siste vekene - og særskild siste netter, motteke og registrert fleire innbrot og grove tjuveri
frå verksemder på vestsida.
Formannskapet i Eidfjord har vedteke å løyve 2,1 millionar kroner til rehabilitering av skisenteret i Sysendalen.
Jakta i år held fram i nokså traust tempo, med flokkane spreidde utover store geografiske område. Om lag 200 dyr står no nord for Bjornesfjorden.
Siste kommentarar