Hardanger fekk ja til bru

Dei kom for å høyra kva folket hadde å seia. Det enda med at dei sa kva dei sjølve og partiet deira ville gjera. Nemleg å stemma ja til Hardangerbru når saka kjem opp til endeleg avgjerd i Stortinget 28. ferbruar. Og brua kan stå ferdig i 2010.

Johannes Sekse E-post
Publisert 26.01.2006 kl 16:32 Oppdatert 26.01.2006 kl 16:41

Tips ein venn på e-post:



- Eg er optimist, sa Øyvind Halleraker (H) då me snakka med han på ferja frå Bruravik til Brimnes onsdag føremiddag. Han er saksordførar når Hardangerbrua skal opp i Stortinget.

Då han nokre timar seinare snudde seg mot den fullstappa kinosalen i Hardangervidda Natursenter, hadde han så godt som heile transport- og kommunikasjonskomiteen i ryggen - både bokstaveleg tala og om kva han meinte om Hardangerbrua.

Det som skulle vera ei høyring om Hardangerbrua, enda onsdag med noko som nærmast kan kallast førehandsprosedering. Etter dette ser det ut for at det ikkje berre vert eit positivt vedtak om Hardangerbrua. Truleg vert vedtaket også samrøystes.

Hardanger tok imot transport- og kommunikasjonskomiteen i eit strålande vinterver onsdag. Dagen før hadde dei høyrt om Vossapakko. På vegen ned, fekk dei høyra om planane i Skjervet, før dei så vidt stoppa for å sjå utover fjorden der Hardangerbrua no ser ut til å koma.

Etter ein sveip gjennom Caprino-filmen og ein solid lunsj på natursenteret, var det klart for høyring. Lista over talarar var svært lang, med både tilhengjarar og motstandarar. Flest av den fyrste kategorien.

Viktig prosjekt

Fylkesmann Svein Alsaker i Hordaland var fyrst ut og rosa eit sterkt engasjement, sjølv om han også hadde merka seg bekymringane til vestsida av Ullensvang.

Når det gjeld omsynet til villreinen, viste han til at hardingane så langt har forvalta stamma glimrande. - Ingen andre er så opptekne av villreinstamma som nettopp dei som bur her inne, sa han.

Etter han kom Hardangerrådsordførar Astrid Selsvold og styreleiar Einar Lutro i Hardangerbrua AS. Begge tala varmt for brua og understreka kor viktig ho er både lokalt og vidare med. Lutro var elles svært oppteken av rentenivået, som utgjer 100 millionar kroner for kvar prosent ho endrar seg.

No ser det ut for at ein kan hamna på ei lånerente på rundt fire prosent. Det vil medføra at brua kan spara 150 millionar kroner, noko som mellom anna gjer at anlegget kan klara seg med ein trafikk som er ti prosent under dei prognosane som no ligg til grunn, sa han.

Folkeviljen ikkje fram

Mellom dei klaraste motstandarane var samferdsleopposisjonen i Hordaland, som Bjørn Lothe sjølv kalla seg. Han beklaga sterkt at motstandarar i andre parti hadde skala av under vegs.

Han meinte elles at Ullensvang kunne brukt sine 6,5 millionar brukroner til lang meir fornuftige føremål. Lothe var også vonbroten med tanke på at han som pensjonist truleg måtte betala 126 kroner for å koma over fjorden. No kostar det 29 med rabatt, sa han, og minna elles om Vossapakko med bompengar og dermed avvisningseffekt når det gjeld brua.

Lothe var elles sterkt kritisk til at ingen fekk svara på kva folk eigentleg meinte, og at møtet sat att med at det var full semje om brua i Hardanger. Det meinte han var svært villeiande.

Ferjekomiteen på vestsida ved Gunnhild Jaastad var fyrst og fremst oppteken av at brua ikkje skulle skapa lokale taparar, og slo fast at brua vil ha negative fylgjer.

Ville ha garanti

Ho viste til mange store verksemder som er plasserte på Utne og ville ha garanti og svar på kven som hadde ansvar for å fylgja opp kravet om å oppretthalda ferjetrafikken mellom Utne og Kvanndal i tråd med formannskapet sit vedtak. Det kunne ingen gje, men viljen var til stades.

Per Nordø frå miljøvernforbundet varsla ein rapport som komitéen kjem til å få i løpet av komande veke, som han meinte ville vekkja oppsikt. Han ville til og med røpa innhaldet for HF etter møtet, men vart nekta å gjera det av sjefen sjølv, Kurt Oddekalv. Den skal koma når han er ferdig.

Ingen av dei HF snakka med etter høyringa trudde derimot at noko no kunne velta prosjektet. Ikkje eingong Bjørn Lothe og Hallgeir Langeland frå SV.

FrP, som har leiaren (Per Sandberg) i komitéen, er også for brua. Hordalandsrepresentanten Arne Sortevik meinte han hadde fått eit avklarande svar frå samferdsleministeren om at det ikkje er band mellom bru og miljøtunnelar på Hardangervidda. Han vil likevel ha alle fakta på bordet.

Samrøystes

Både han og Langeland var sterkt kritiske til at møtet utvikla seg til noko helt anna enn ei høyring. - Politikk og polemikk høyrer ikkje heime i ein slik samanheng, sa han til HF etter møtet, og varsla oppvask i eigne rekkjer.

Han vil sjølv ta direkte kontakt med folk i Møreforskning for å høyra kva dei sjølve seier om rapporten dei har laga, og som det har vore vanskeleg å få tak i. Sortevik var elles oppteken av at ferja Kinsarvik-Utne-Kvanndal kjem med i vedtaket.

Hovudinntrykket etter møtet var derimot ei enorm glede over heile fjøla. Leiar i Aksjon Hardangerbru Sverre Kleivkås var også jublande glad.

Komitéen kjem med innstillinga si den 16. februar og eit samla Storting gjer vedtak den 28. I tillegg til dei mange klare vitnemåla som kom under høyringa, seier Ap-politikar Torstein Rudihagen til bt.no at regjeringa for lenge sidan har avklara sin ståstad i høve Hardangerbrua. Han er andre nestleiar i komiteen. Han kan elles opplysa at også SV kjem til å røysta for brua.

Les meir om Hardangerbrua og komitevitjinga i papirutgåva på fredag.

På framsida no


...

God påske over Hardangerbrua

Hardangerbrua fekk den første store påsketrafikken i helga, etter opninga i august. Godt over 7.000 bilar passerte over brua 1. og 2.påskedag.

...

Arbeid i Eitrheimstunnelen

Det blir ledebil og kolonne de neste ukene.

...

Israel Nash til Odda

Som del av en større europaturne, får Odda og Iris Scene torsdag besøk av kritikerroste Israel Nash Gripka.

...

- Ein veldig nyttig dag

Ordførar John Opdal er nøgd med den såkalla «Røldalsdagen», der formannskapet og administrasjonen fekk høyra om utfordringane næringslivet og bygdefolket meiner Røldal har.