Hardangerbrua vert bygd, og står truleg ferdig i 2010. Det er klart etter at Transport- og kommunikasjonskomiteen i stortinget onsdag hadde synfaring og høyring om prosjektet i Eidfjord. Arbeiderpartiet sin representant, Eirin Faldet var den fyrste til å gratulera Ellen Utne då komiteen kom til Lofthus onsdag kveld.
- Eg har vore med på Stortinget lenge og eg har lese mange hyllemeter med utgreiingar. No gler eg meg til å reisa heim til fru Utne og seia at no får du Hardangerbrua di, sa Eirin Faldet, på slutten av høyringa på Hardangervidda Natursenter. Ein liten time seinare, gjorde ho nettopp det. Med ein blomebukett helsa ho Ellen Utne, som har kjempa for bru i ei årrekkje, med fylgjande ord: -Takk for at du aldri gav opp! No kjem brua.
Det har ho truleg også rett i, for etter det som skulle vera ei høyring, men meir og meir arta seg som eit vekkingsmøte, gjorde den eine etter den andre av komitémedlemmene det klart at dei og deira parti vil gå inn for brua.
Per Nordø frå Miljøvernforbundet varsla derimot ein rapport som komitéen kjem til å få i løpet av neste veke. Han ville til og røpa innhaldet for HF, men vart nekta å gjera det av sjefen sjølv, Kurt Oddekalv. Rapporten skulle koma når han var ferdig.
Ingen av dei HF snakka med trudde at noko no kunne velta prosjektet. Ikkje eingong Bjørn Lothe og Hallgeir Langeland frå SV.
FrP, som har leiaren (Per Sandberg) i komitéen, er også for brua, men Hordalandsrepresentanten Arne Sortevik vil ha alle fakta på bordet. Både han og Langeland var sterkt kritiske til at møtet utvikla seg til noko heilt anna enn ei høyring. - Politikk og polemikk høyrer ikkje heime i ein slik samanheng, sa Sortevik til HF ettermøtet, og varsla oppvask i eigne rekkjer.
Han vil sjølv ta direkte kontakt med folk i Møreforskning for å høyra kva dei seier om rapporten dei har laga, og som det har vore vanskeleg å få tak i.
Når det var sagt, var han også klar på at brua no kjem. Men han var oppteken av at ferja Kinsarvik-Utne-Kvanndal kjem med i vedtaket.
Hovudinntrykket etter møtet var derimot ei enorm glede over heile fjøla. Ikkje minst var Hardangerrådsordførar Astrid F. Selsvold, styreleiar Einar Lutro i Hardangerbrua AS og leiar i Aksjon Hardangerbru Sverre Kleivkås jublande glade. For å visa folkeviljen i Hardanger, samla han saman til fakkelmarkering utanfor Hotel Ullensvang rett før komiteen gjekk til middag.
Dei hadde alle innlegg under møtet. Det same hadde mellom andre Ferjekomiteen vestsida ved Gunnhild Jaastad. Stortingskomitéen lytta og lova at det nok kjem til å gå ferje mellom Utne og Kvanndal også i framtida, men ingen kunne garantera i kva omfang.
Torsdag dreg komitéen vidare til Kvinnherad for å sjå og høyra om Jondaltunnelen.
Det kjem breiare omtale i papirutgåva på fredag.
Næringsliv Allerede til uka blir Telenor-saken etter alt å dømme tema i samtalene regjeringen skal ha med indiske myndigheter. Les meir