Flagg og fyrverkeri for bruvedtak

Dette er som å feira dobbel 17. mai, seier Odd Leikvoll etter at regjeringa i statsråd fredag vedtok proposisjonen om bygging og finansiering av Hardangerbrua.

Johannes Sekse E-post
Publisert 09.10.2005 kl 19:12 Oppdatert 20.10.2005 kl 17:01

Tips ein venn på e-post:

...
Halldor Utne fyrte av ein skikkeleg nyttårsrakett over si eiga bru. Han har teke inn over 11 000 kroner i bompengar på denne. - Dei kan brukast til å kjøpa ei skikkeleg saks til opninga av den store brua, seier han. Foto: Johs H. Sekse
...
Einar Lutro, Ola B. Hereid, Solfrid Borge, Jon Olav Heggsteh, Halldor Utne og Odd Leikvoll gledde seg over bruvedtaket. Her frå Ringøy ser ein godt bort mot brufestet i Vallavik. Foto: Johs H. Sekse

Markeringa føregjekk på den private kaien til oddaordførar Toralv Mikkelsen, som hadde gitt spesielt løyve. Og ikkje nok med det. Då ein av naboane, Harald Bu, kom køyrane med flagg, hadde han også med seg fylgjande helsing frå Mikkelsen: - Til ære og i vyrdnad for Hardangerbrua stiller eg fri grunn til høgtidleg markering på Ringøy kai.

Samrøystes

- I dag tilgjev me til og med våre fiendar, sa styreleiar Einar Lutro, som var ekstra glad for vedtaket. Sjølv om det nye Stortinget skal ha det endelege ordet, meinte Lutro at vedtaket i Statsråd var ein viktig milepæl. Som både styreleiar og høgrepolitikar har han hatt innsyn i regjeringssamarbeidet. At vedtaket var samrøystes, meiner han skuldast at Høgre brukte makta si.

- No er eg mest spent på kva tid brua kjem i Stortinget. 20. oktober skal ein ny komité for mellom anna samferdsle vera på plass. Det vil vera spennande kven som vert leiar.

- Eg tek utallet for gitt, men brustyret vil be om dialog så snart råd er, fordi det hastar med å få ein låneavtale i boks. No kan me få ned mot fire prosent rente. Eitt prosentpoeng utgjer 100 millionar kroner, slår han fast.

Stoppeffekt

Ordførar Solfrid Borge i Ullensvang hadde sendt takkebrev til samferdsleministeren og takka frå brukommunane . - Eg skreiv at det er ein stor merkedag for Hardanger, og at jubelen er stor, men at me vil koma attende med ei storstilt markering når vedtaket er gjort i Stortinget.

Ordførar Ola B. Hereid set aller størst von til stoppeffekten som brua vil gje. - Med dagens ferjetrafikk er det berre eit fåtal som stoppar i Eidfjord, både den som kjem frå eller går til ferja. Med brua kjem folk til å stoppa i langt større grad, meiner han.

Hereid var minst like glad for at regjeringa har opna for at bompengeperioden kan lengjast med tanke på å finansiera miljøtunnelar over Hardangervidda.

Han var og glad for at det storstilte rassikringsarbeidet mellom Brimnes og Bu er vedteke.

Reisa når me vil

- Lokalt vil brua bety svært mykje for dei fire nærmaste brukommunane, ikkje minst for næringslivet, sa Hardangerrådsleiar og Ulvikordførar Jon Olav Heggseth. Det såg han konkrete døme på seinast då han kom over fjorden. Med på ferja var folk frå eit Granvinfirma som driv med hyttebygging i Sysendalen.

€Ulvik vert liggjande litt i skuggen av brua. Men me kjem til å nytta nettopp dette i marknadsføring: Lett å koma til - samstundes idyllisk skjerma for stortrafikken.

- Med eit ope samband får me same sjanse til å utvikla oss på linje med andre regionar. Eg trur til og med at oddingane kjem til å bruka brua. Med den kan me reisa når me vil, seier han vidare og understrekar at det ligg eit stort potensiale i turisttrafikken som kjem opp Setesdal.

Nyttar å kjempa

- Dersom det også skjer noko på Haukeli, vil trafikken mot Hardanger auka. Utfordringa vår er då å få dei til å stoppa, seier Heggseth.

Eit positivt bruvedtak vil elles skapa ro så Hardanger kan konsentrera seg om andre prosjekt

- Du ser det nyttar å kjempa, seier Odd Leikvoll, og har alt fått eit flagg i hendene. - Dette er som å feira dobbel 17. mai, seier han, og syter for at Einar Lutro får eitt flagg, så dei kan flankera dei tre ordførarane.

- No har me fått det me har bede om. No skal me nytta dei mogelegheitene dette gjev. Det kjem til å opna for eit heilt anna liv på denne sida av fjorden, sa han.

Alle var også samde om at brua også vil få konsekvensar for kommunestrukturen, men meir fekk me ikkje ut av dei der og då.

Feira med fyrverkeri

Med imponerande presisjon, sende Halldor Utne ein nyttårsrakett over si eiga Hardangerbru, som han fekk laga i 1987.

Ho har stått i ferieparken og samla inn bompengar. Inne på kontoret sitt hentar han fram eit nøyaktig rekneskap på datamaskina. 11 440,15 kroner stod det på kontoen ved årsskiftet. Det siste driftsåret tok han inn 686 kroner. 27 av dei var renter.

På veggen over han rugar eit stort bilete av Golden Gate-brua som han både har kryssa under i båt og køyrt fire gonger over. Hardangerbrua vil verta lenger.

- Me kan vel heller oppgje summen i øre - det vert liksom litt meir svung av det då, seier han. Me flyttar komaet og kjem fram til at det vil verta over ein million - eller nærmare bestemt 1 144 015 øre.

- Kva skal pengane gå til? spør me når rakettrøyken har lagt seg i kveldsmørket.

- Det bør vel halda til ei skikkeleg saks som dei kan opna den store brua med, flirer han.

Mest lese no



Mest sette bileteserie


HF Lesarbilete

...





Innanriks

...

Besøker 100 bedrifter

Politikk Arbeiderpartiet går aktivt ut for å lodde den vanskelige situasjonen i næringslivet. Les meir


...

Tar opp Telenor-saken

Næringsliv Allerede til uka blir Telenor-saken etter alt å dømme tema i samtalene regjeringen skal ha med indiske myndigheter. Les meir


...

Reagerer på nye bilder

Innenriks Flere norske medier publiserte fredag nye bilder av Anders Behring Breivik etter pågripelsen på Utøya. Les meir


Utanriks

...

Kampene fortsetter

Utenriks Sinte egyptiske aktivister kastet steiner, og politiet svarte med tåregass og skyting i nye sammenstøt i Kairos gater. Les meir


...

Kampene fortsetter

Utenriks Sinte egyptiske aktivister kastet steiner, og politiet svarte med tåregass og skyting i nye sammenstøt i Kairos gater. Les meir



Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.