- Det var ei skikkeleg gladmelding om Hardangerbrua som kom frå dei tre regjeringspartia onsdag kveld. Eg er likevel ikkje av dei som hoppar høgast. Til det har me opplevd mange nok nedturar,
- Eg kan likevel ikkje heilt sjå kva som skal stoppa brua no, seier ordførar Solfrid Borge, som i alle fall kjøpte inn champagne som ho spretta under ei markering ved Vallaviktunnelen i går kveld.
- Den store salutten kjem nok ikkje før vedtaket er fatta, og me vil fylgja saka heilt i mål. Men eg vil takka Regjeringa for vedtaket deira, seier Solfrid Borge.
- Dette er nok ein milepæl for Hardanger, seier ho, og har tinglysingskontoret og Burettsregisteret i tankane.
- Brua vil medføra betre tilgang på arbeidsfolk og større pendlaravstand. Det vil ikkje minst koma den nye statsverksemda til gode.
Trafikktryggleik
Borge meiner elles at dei små verksemdene ofte vert gløymde i diskusjonen kring brua. - Det vert ofte fokusert på dei store næringane, men eg veit at mange av dei små er minst like sårbare. Fleire eg har snakka med, kan fortelja om at svært mykje kostbar tid går med til å stå i ferjekøar.
- Elles vert det sagt lite om trafikktryggleiken. Me veit at når folk skal rekkja tog eller fly, så køyrer dei med livet som innsats for å nå ei ferje.
- Kva kan velta brua no?
- Som sagt torer eg ikkje heisa flagget heilt til topps enno, men eg kan ikkje forstå at det kan koma fleire store hinder i vegen.
Alle partia bortsett frå SV og RV seier no ja. Dersom nokon av dei skulle snu etter valet, kjem dei til å ha eit stort forklaringsproblem, seier Borge. - Det må vera måte på kor lenge ein heil region skal haldast på pinebenken.
Utgått på dato
- Når Kurt Oddekalv framleis brukar villreinen som argument mot brua, er han utgått på dato. Eg har ikkje noko imot miljøtunnelar på Hardangervidda. Kanskje tvert imot. Men det er feil å blanda trafikken over vidda med brua.
Elles meiner Borge at kritikken mot at krefter har arbeidd vidare på trass av stortingsvedtaket i 1996, er historielaust og fell på urimeleg grunn.
- Det er jo slik det meste i dette samfunnet fungerer. Eit vedtak gjeld til eit nytt vert gjort. ved i 1996. I tillegg var det berre tilfeldigheiter som gjorde at me tapt saka i 1996.
- Når ein har eit godt prosjekt og nesten ikkje treng statlege midlar, må det vera heilt legalt å arbeida for det ein trur på. Heldigvis har me no fått løn for alt arbeidet som har vore lagt ned både lokalt og i fylket. Det fortener eit ja, seier Borge, som håpar at utspelet frå regjeringa ikkje berre er valflesk.
Full tillit
- Me ventar med flaggheisinga til tida er der, men bruvedtaket til regjeringa gjer det til ein gledens dag for Eidfjord, seier ordførar Ola B. Hereid.
€Han har full tillit til at det går bruvegen no, men vil som mange andre sindige hardingar, som han seier, venta med den store jubelen.
- Eg har vore optimist lenge, ikkje minst etter at samferdsleministeren varsla ei positiv innstilling på eit møte tidlegare i år. No har ein ikkje lenger den sårbare vidda som hovudargument mot, seier han. - Eg tenkte litt på det i går, då eg gjekk i seks timar og såg fire menneske. Ho kan ikkje vera så alvorleg utsett, meiner han.
Stor glede
- Me må nok tola at det går ein veg over der også.
Han er ikkje i tvil om at Hardangerbrua vil tena kommunen på mange måtar. Brua vil mellom anna gjera det lettare å pendla. Konkret slit ei av verksemdene i kommunen med å rekruttera folk. Med brua er ikkje ordføraren i tvil om at det vil vera lettare å få folk frå vosseområdet til å arbeida i Eidfjord.
- I neste omgang finn dei gjerne ut at dei til og med vil busetja seg, seier Hereid.
Gleda var elles stor hjå mange i går. Tidlegare brustyreleiar, Magnar Lussand kallar i Bergens Tidende vedtaket for grensesprengjande. Gisle Handeland, som var statssekretær i Samferdsledepartementet då Ap-regjeringa sa nei i 1996, er også glad over at partiet har snudd i saka. Hotelleigar Edmund H. Utne er glad men vil vera nervøs til Stortinget har sagt sitt. Også noverande brustyreleiar Einar Lutro, er svært godt nøgd med utviklinga i saka.
Næringsliv Allerede til uka blir Telenor-saken etter alt å dømme tema i samtalene regjeringen skal ha med indiske myndigheter. Les meir