I dag, torsdag, er det meldt om null sikt, og ikkje noko form for observasjonar av dyr. Det har vore snø og sludd, med hard vind frå sør-aust, og regn på ettermiddagen.
Veret vert ikkje så mykje betre i morgon heller.
Jakta er no avslutta i Eidfjord, medan Ullensvang, Odda og Røldal held fram til og med fredag.
Onsdag 27. september
I dag, onsdag, har det vore dårleg sikt, snø, og hard vind frå sør-vest. I går kveld vart det observert ein stor flokk på rundt tusen dyr ved Vassdalshalsen, like vest for Songavatnet. Ein flokk på ca 100 dyr vart observert ved Dvergsmednuten, rett nord for Vassdalshalsen.
Tysdag 27. september:
Ved 1500-tida tysdag har oppsynet ingen observasjonar å melda om. Det er dårleg ver på vidda. Siste sikre observasjon vart gjort på måndag. Då vart det sett om lag tusen dyr nord for Bordalsvatnet. Oppsynet har ikkje signal om at det er dyr i Hordaland..:
Søndag 25. september:
Det står ca 1000 dyr i området Simletind-Mannevatn, melder Oppsynet på Skinnarbu søndag kveld. Det ble jaktet godt lørdag, men søndag var det mye skodde.I går lørdag ble det jaktet bra ved Mannevatn. Det står nå ca 1000 dyr i området Simletind-Mannevatn, men i dag søndag har det vært dårlig sikt og lite jakt, melder oppsynet.
Tysdag 20. september
- Det har vore jakta noko enormt den siste tida, seier Tore Wolff i Fonnfly. På det meste har dei vore oppi 18 turar ut med kjøt på ein dag.
- Frå Bjørnabotnen og lenger oppover mot Grotstølen har det vore jakta veldig godt. På flatane opp mot Låven har det vore tusenvis av dyr, seier Wolff.
Også i Belebotn og ved Raudåni har ein jakta godt. Jegrane fortel at dyra nærmast er halvtamme. Dei kjem til og med bort og ser på når jegrane slaktar.
I desse områda meiner han det har stått dyr lenge. Dyra kjem opp, snur ned att, men kjem opp på nytt.
Fonnafly har floge ut tonnevis med kjøt frå desse områda dei siste dagane.
Det har også vore jakta andre stader, men då er det snakk om småkankar og enkeltindivid. I Hansbu har det vore jakta lite.
- Alt står i sydvest, seier han.
På det verste måtte selskapet henta inn fly frå Oslo for å klara transporten. Måndag hadde dei 11 -12 turar, men måtte gje seg på grunn av veret.
I dag tysdag midt på dagen, hadde dei tre turar på vent. Mellom dei ein frå Valgarden, der det truleg bere har vore felt ein enkelt bukk.
Måndag 19.september
Det er få endringar sidan i går. Tyngda av dyr står framleis i Vinje.
Det er observert dyr ned mot Røldalsområdet, sørvest for Hellevassbu.
Det bles sørvestleg bris i området, og det er overskya. Tåke på morgonkvisten.
Søndag 18. september
I dag, søndag er det få endringar, men ved Buanuten i går kveld vart det observert to flokkar, ein på 800 dyr og ein på 1500. Det er og ubekrefta meldingar om spreidde dyr vest for Kvenna.
Tyngda av dyr står framleis i Vinje, Telemark.
Været i området er rimeleg bra, med litt bygever, vestleg trekk og mildt.
Laurdag 17. september
I dag, laurdag, verkar det som om dyra i Bjørnebotn har stoppa opp og til dels trekt austover att. Det er og observert spreidde småflokkar lenger vest, men ikkje noko store mengder.
Fredag 16. september
I dag, fredag, er flokkene på vei over fylkesgrensen. Oppsynet melder om store flokker i Bjørnebotnen i Hordaland. Det er også en del flokker i området sør for Lågen, men det er bare snakk om små grupper med reinsdyr her.
Været er lettskyet med sol og vind fra nordvest.
Torsdag 15. september
I dag tidleg, torsdag 15. september, observerte oppsynet ein flokk på rundt 120 dyr ved Lakadalskongen, sør for Laken/Nordmannslågen.
Det var då vestleg trekk, melder Per Helge Sekse frå Skinnarbu.
Ubekrefta meldingar fortel elles om dyr nord for Brasfetnuten og ved Grasnutane. Og noko mindre mengder Sigridskardtjørn ved Låven, sør om Kvenna.
Det er snøbyer og vind mellom nord og vest,
Onsdag 14. september
I dag, onsdag, er det skikkeleg ruskaver på Hardangervidda. Oppsynet har gjort få observasjonar i dag, men dei fann mykje dyr i går kveld. Det står fleire tusen dyr i området mellom Bamsebu og Glaheimane. Desse dyra står altså nokre få kilometer sør for grensa til Hordaland.
I dag er det vestaver på vidda, med eit viss nordleg drag. I morgen er det meldt nordleg vind, noko som skulle lova godt for jegrane som er i Bjørnadalen.
Måndag 12. september
Ved 1500-tida i dag måndag, melder oppsynet om at det står ein flokk på hundre dyr ved Jakobsbu. Det er også ein flokk på om lag 200 dyr på veg i retning mot Brasfetnuten. Det er med andre ord godt håp for jegrar som skal til Bjørnadalen.
Oppsynet opplyser også at det er observert mykje dyr på sørsida av Songa.
Det er nordvestleg vinddrag på vidda, men meldingane går ut på at vinden skal dreia til sørvest.
Sundag 11. september
Sundag kveld kan oppsynet fortelja at det er gjort få dyreobservasjonar i dag på grunn av skodde. Det har vore meldingar om dyr i Flådalen i Vinje. Det skal også ha vore sett ein liten flokk mellom Sigridskarsvatnet og Låven.
Fredag 9. september
Ved 1200-tida fredag har ikkje oppsynet sjølv gjort sikre observasjonar av dyr. Dei har likevel følgjande meldingar, som altså ikkje er stadfesta av oppsynet;
Det skal vera sett ein flokk på 500 dyr på Utsikten ved Lågefjell, nær grensa til Hordaland. Det skal også vera sett dyr i Flådalen, som ligg rett nord for Haugedalshalsane. Og det skal vera observert fleire flokkar i området ved Sauarflott.
Ved 1200-tida fredag var det nordvestleg vind på Hardangervidda.
Onsdag 7 og torsdag 8. september
Torsdag ettermiddag fekk me melding om ein del dyr i området ved Skipafjell og Haugedalen i Vinje – ikkje langt frå grensa.
Meldinga var frå oppsynet, men vert også stadfesta frå Litlos turisthytte.
Der melder ein også om vestleg kuling torsdag ettermiddag. Det er elles meldt om nordvestleg vind til fredag. Det må vel kallast lovande
Det var lite nytt å melda frå Skinnarbu onsdag.
Det vil seia at det truleg er ein del dyr i området rundt Hansbu, men at mykje står sør for Kvenna.
I dag torsdag har det vore så mykje skodde, at mannskapa frå oppsynet ikkje har fått fullt oversyn over kvar dyra står.
Me kjem att med oppdaterte meldingar seinare i dag.
Tysdag 6. september
Det var dyr på Hansbu måndag kveld, og det er det i dag også, seier politoverbetjent Torgeir Vestgarden ved oppsynssentralen på Skinnarbu til HF.
I tillegg kryssa 1000 – 1500 dyr over Kvenna mot sør. Dei gjekk søraust mot Lågefjell i Vinje.
Vestgarden meiner likevel at det er meir dyr att på nordsida.
På Skinnarbu er det strak vestavind i dag, noko det også er meldt i morgon.
Måndag 5. september
I dag melder oppsynet at det truleg er få jegrar på vidda. Oppsynet har lite folk i fjellet i dag og har ikkje full oversikt over kor dyra er, men det er heilt sikre observasjonar på ein flokk på om lag 200 dyr ved Sandvasshallet, søraust for Hansbu. Denne flokken står berre to-tre kilometer frå grensa til Hordaland. Det er vestaver på vidda og sjansen for at desse dyra trekker over grensa er stor.
Inntrykket er elles at dyra står spreidd. Det skal vera ein god del dyr i områda ved Sauarflott og Ugleflott og nord for Bjornesfjorden.
Sundag 4. september
Sundag var det litt jakting på Låven. På nordsida av Kvenna stod det ein flokk på privat område ved Gunnleiksbu, melder oppsynsmann Knut Nylend.
Ein flokk på rundt 500 dyr ved Ormetjørn, trekte vestover midt på dagen i dag sundag. Ein flokk vart sett søraust for Ugletjørn. Ein stor flokk på mellom 500 og 1000 i Saltpytteggi stod i ro.
Det var svakt sør-, sørvestleg trekk, og dyra lea seg lite.
Nylend meiner det er gode sjansar for jakt for hordalendingar som held seg tett oppunder grensa.
Edvard Sæbø ved Sandhaug turisthytte seier det har vore dyr ved Grothalsen sidan jakta starta. Dyra har prøvt seg opp, men snudd ned att. Noko som truleg skuldast at det har vore svært mykje jegrar samla her.
Laurdag 3. september
Laurdag heldt ein stor flokk på kan henda over tusen dyr, til ved Holberget nord for Blyvarden i Edfjord statsalmenning, melder Tore Wolff i Fonnafly.
Det skal også vera ein del småflokkar ved Langebuflatane.
Elles er det veldig stille. Dei 1500 dyra som var ved Briskevatnet for nokre dagar sidan, for rett austover.
Han reknar med at det meste av dyra står langt aust og sør – i Rauland, Tinn og Vinje.
Fredag 2. september
Torsdag ettermiddag var det observert ein del flokkar ved Gunnleiksbu/Lågefjell, seier Knut Nylend på Skinnarbu.
Observasjonane vart gjort av jegerar som kom ut av fjellet etter å ha jakta.
Dei dyra trekte truleg austover.
Natt til i dag, fredag, snudde Vinden til sørvest. Det var også tilstanden klokka eitt fredag. I fylgje mentogrammet skal vinden dreia mot nordvest – men berre for nokre timar. Natt til laurdag vert det sørvest att.
Torsdag 1. september
Onsdag ettermiddag forsvann dei reinsflokkane som til då hadde vore på sørsida av Kvenna, mellom anna i Bjørnadalen, Hellevass og Bamsebu. Dei har trekt austover og er truleg komne langt, seier Knut Nylend ved oppsyns-ko’et på Skinnarbu.
På nordsida stod det i fireetida i dag torsdag 1. september, rundt 500 dyr ved Blånuten. Det var elles ein stor flokk på tre tusen dyr ved Kringlesjå, søraust for Blyvarden.
- Her er det mykje dyr nett no klokka tre, seier Nylend. I Eldsjådalen vest for Lågaros har dei derimot ikkje sett særleg med dyr. Ved Tinnhølen mot Langesjøen er det også veldig stille.
Elles har mange hatt problem med å koma i kontakt med oppsynet. Det skuldast at heile fasttelefonnettet har lege nede i området ved Skinnarbu, seier Nylend. Att sit han med ein glødande mobiltelefon. Pågangen er ekstra stor i år sidan Radio Rauland ikkje har jakttelefon, slik dei har hatt tidlegare.
Fonnafly og Tore Wolff har også høyrt lite. Det har vore jakta litt i Bjørnadalen, og dei skulle henta ut litt kjøt i kveld (torsdag)
Dei jegerane som har fått noko er derimot eintydige i at kvaliteten på dyra er svært god i år. Både kalvar, simler og bukkar er i godt hald, seier Wolff.
Onsdag 31. august
Det er i dag feil på telefonen hjå Statens Naturoppsyn på Skinnarbu. HF har difor ikkje lukkast i å få tak i oppsynet i dag. Me kjem attende med meir informasjon om jakta i morgon.
Tysdag 30. august - Eitt tonn reinskjøt til Røldal
I Eidfjord vart det jakta ein del i og etter helga i området ved Grothalsen og Blyvarden. I Ullensvang har det vore jakta svært dårleg så langt. Best til no av våre jegrar, har vore i Røldal. I fylgje Tore Wolff i Fonnafly, har dei alt henta ut minst eitt tonn kjøt frå Hellevass, og meir skal ut i dag og i morgon.
Hovudtynga av dyra står no ved Bamsebu, som ligg i Vinje, rett aust for Hellevass. Her sit oppsynet og ser på dyr frå hytta. Ein flokk tel minst 1500 dyr. Elles er det ein del småflokkar.
For eit par timar sidan (i ellevetida) vart det observert ein del dyr på sørsida av Kvenna ved Gunnleiksbuvatn. Det såg ut som om dei var på veg Jakbosbu og Bjørnadalen.
Elles har det vore observert småflokkar i Skarbu - Lågaros området, midt på vidda.
Dyra går framleis svært spreidd.
Måndag 29. august
Knut Nylend har nett teke plass på oppsynssentralen på Skinnarbu måndag morgon. Han har førebels lite nytt å melda frå vidda, det har vore dårleg ver på vestsida av vidda dei siste dagane.
Det står ein del dyr i området Bamsebu -Gladheimane og grensa opp mot Røldal slik det også var sundag ettermiddag. Generelt sett står dyra spreidt over eit stort område på vidda.
Det er også lite jegeraktivitet nett no, med eit par jegerar i området kring Hellevassbu.
Laurdag 27. august
Dårlig vær
På grunn av dårlig vær har Oppsynet hentet inn flere av patruljene sine i dag, søndag. De siste meldingene på dyr, er tall fra i går: Rundt 2000 rein rundt Bamsebu. Oppsynsmannen tror likevel det kan være en del jegere i området rundt Hellevassbu. Han har hatt flere telefoner fra folk som lurer på hvor dyrene befinner seg.
Det er ventet vestavær utover kvelden og morgendagen.
De siste meldingene fra oppsynet, viser at dyrene har beveget seg lite det siste døgnet. Da HF snakket med oppsynsmannen kl 1600 lørdag ettermiddag, holdt de største flokkene seg rundt området på Bamsebu, mot Hellevassbu.
Flokkene har gått i ring i dette området i hele dag. Det er lite jegere i området, og derfor lite aktivitet på dyrene.
Fredag 26. august
Oppsynet melder fredag morgon at dyra er spreidt i større område. Det er framleis dyr i Numedal, men også i området Ugletjønn og vestover på sørsida av Kvenna var det ein del småflokkar i går kveld. Dyra som var observert på austsida av Hordaland i går kveld er ikkje funne att i dag, men oppsynet reknar med dei ikkje er gått vestover.
Oppsynet har ikkje meldingar om jakt på Hordalandssida det siste døgeret, men det har vore jakta noko i Telemark. Dei er i ferd med å vere ferdige i Telemark og det har roa seg litt til dei neste kjem inn.
Torsdag 25. august
Torsdag føremiddag hadde oppsynet få meldingar om kor dyra er. Det er skikkeleg uver i fjellet og patruljane har observert lite. Veret er framleis på sør, men det skal vera vestaver i vente.
Onsdag kom det ein flokk opp i Bjørnadalen. Det er uklart kor den er blitt av. Det er ikkje meldt om jakt i Hordaland det siste døgeret.
Onsdag 24. august
Onsdag føremiddag meldte oppsynet at det har stått ein del dyr på telemarksida av grensa. Onsdag skal det ha vore observert at ein flokk trekte mot Bjørnadalen på Ullensvang statsalmenning. Det skal også stå dyr i området Sauraflott i Vinje kommune.
Oppsynet melder om småflokkar fleire stader på vidda, mellom anna litt dyr i Tinn.
Næringsliv Allerede til uka blir Telenor-saken etter alt å dømme tema i samtalene regjeringen skal ha med indiske myndigheter. Les meir