Ekstrem triatlon er ikkje for oss vanlege. Kven sym frivillig 3800 meter i ein sjø som held 15 grader, syklar så 19 mil før dei spring ein maratondistanse opp til Gaustatoppen? Dei lokale friskusane Bjarne Boge, Asle Øydvin og Ivar Sandstå gjer slikt.
Eidjordingen Bjarne Boge vart best av dei lokale utøvarane. Han brukte 13 timar 34 minutt og 53 sekund på den ekstreme kraftprøven. Etter symjinga var Sandstå best av dei lokale deltakarane. HF følgde første del av løpet. Ved Dyranut låg Sandstå framleis foran både Øydvin og Boge.
Boge passerte Sandstå ved Geilo, og sette inn kjempekreftene på resten av turen. Han kom i mål på ein sterk 41. plass. - Eg er veldig nøgd med løpet, seier Boge til HF og held fram: Eg slit litt med symjinga, men eg trur sykkeletappen min var ganske bra.
- Satsar du på triatlon no?
- He, he. Eg vart plutseleg 40 år og fann ut at eg måtte halda meg i form. Eg prøvde meg i fjor. Då fungerte ikkje lungene under symjinga. Eg måtte på land tre gonger. Eg kom meg på sykkelen, men braut då eg var komen til Haugastøl. I fjor var i grunnen alle tre etappane utenkjelege å klara for meg.
- Du braut i fjor og brukte 13 og ein halv time i år. Det var litt av ein framgang?
- Ja, eg har trent ein god del. Eg har lært meg å kråla. Då sparar ein beina på symjeetappen, seier Boge, som håpar at fleire lokale idrettsutøvarar hiv seg med på triatlon.
Kaldt over vidda
Asle Øydvin kom på 69. plass med tida 14.36,11. Øydvin var kanskje den einaste med skikkeleg heiagjeng. På Dyranut hadde dei hengt opp banner med «Heia Asle». Asle utgjer vertskapet på Dyranut fjellstova saman med Kari Varberg. Ho var ut og heia mannen vidare då han passerte.
- Gjekk det greitt Asle?
- Ja, det var kjekt å få heirop på Brimnes, i Eidfjord og på Dyranut. Turen gjekk greitt, men eg hadde litt for lite klede på meg under syklinga. Eg fraus over vidda og på Imingfjell, men eg var ikkje den einaste. Det var like forhold for alle, seier han.
Boge tok igjen Øydvin nedanfor Sysendammen og dei sykla saman opp til Dyranut og over delar av Hardangervidda før Boge drog i frå.
- Det er koseleg å sykla saman. Vi slår av ein prat. Det var mange utlendingar med og vi knotar litt på engelsk, seier Øydvin.
Oddingen Ivar Sandstå kom på 92. plass. Han brukte 15.28,46 på kraftprøva. - Eg hadde problem med giret heile vegen. Eg kunne ikkje bruka gira i midten. Det vart skikkeleg tungt på Imingfjell. Heile maratonløpet var også tungt, seier Sandstå. Han er glad for at han i det heile tatt kunne delta i løpet. I førre veke velta han på sykkelen i 60 km i timen under ein treningstur i Oddadalen.
Ny løyperekord
Av andre løparar med lokal tilknyting kom Johnny Hisdal på 119 plass med tida 16.39.48. Eidfjordingen Frode Forgård, som no bur i Setesdalen, kom på 111. plass. Han fekk tida 16.15,37.
Den svenske triatlon-proffen Bjørn Andersson vann løpet med tida 10.30,09. Dette er ein time raskare enn løyperekorden frå i fjor. Trude Andersen var raskast av damene. Ho kom i mål på 12.21,31.
Hege Stranheim i arrangørklubben Oslofjord Triatlon seier at 151 deltakarar frå ei rekkje land stilte til start i HP Norseman Xtreme Triathlon i Eidfjord. 12 braut undervegs.
Arrangøren gjorde ein liten vri på symjeturen. I staden for å symja inn til Eidfjord, sumde dei ut til ferjekaien på Brimnes. - Årsaka var at sjøen heldt berre 13 grader inne mot Eidfjord, medan det var litt varmare utover fjorden. På grunn av denne vrien vart sykkelturen ei mil lengre enn planlagt, seier Stranheim.
Innspurten av løpet vart også lagt om. Det var berre vinnaren som kom til Gaustatoppen. Det kom ei snøbye og løparane vart stansa fem kilometer frå toppen. Dei sprang likevel ei sløyfe som svarde til distansen til topps.
Det var eit svært internasjonalt preg over konkurransen. I tillegg til nordmenn var det deltakarar frå Sverige, Danmark, USA, England, Tyskland, Belgia, Nederland, Sveits, Austerrike og Italia.
Næringsliv Allerede til uka blir Telenor-saken etter alt å dømme tema i samtalene regjeringen skal ha med indiske myndigheter. Les meir