Hardangerbrua samla tusen

Oppunder tusen frammøtte hardingar demonstrerte tydeleg sitt engasjement for Hardangerbrua og overvelda dei tilreisande politikarane i Eidfjordhallen måndag kveld.

Publisert 05.04.2005 kl 21:08 Oppdatert 19.04.2005 kl 14:45

Tips ein venn på e-post:

...
Foto: Gudrun Sylte

-Kan den norske stat seie nei til eit lokalt finansiert bruprosjekt? innleidde Sverre Kleivkås retorisk på folkemøtet i Eidfjordhallen.

-Nei, laut svaret frå paneldeltakarane på dette spørsmålet.

-Er partia på Stortinget på line med sine representantar i panelet måndag kveld, vert det soleklart fleirtal for brua, oppsummerte ordstyrar Frank Aarebrot etter innleiinga til panelet.

Venstre garanterte

-Eg lovar at me skal gjere alt som står i vår makt, ikkje berre til vedtak, men til positivt vedtak for Hardangerbrua før sommarferien, innleidde Petter Løvik, leiar for samferdslekomiteen på Stortinget, med til spontan jubel frå salen.

Hallelujastemninga var dermed sett frå fyrste stund. Arrangørane hadde ei målsetjing på 1000 frammøtte, noko dei godt og vel oppnådde. Dei frammøtte hardingane avbraut paneldeltakarane fleire gonger med spontant applaus og demonstrerte sin samla folkevilje.

Det fungerte tydeleg, dei tilreisande politikarane let seg overvelda over det massive frammøtet i Eidfjordhallen.

-Det er vanskeleg å ikkje ta innover seg den lokale folkeviljen, sa Terje Breivik og opna med å avlive ein myte om at Venstre er mot brua. Han kom med garanti frå samferdsleministeren om at regjeringa vil fremje saka før Stortinget tek sommarferie.

-Det gjer inntrykk å få høyre at eit tilsvarande oppmøte i Bergen ville telt ei folkemengd på 40 000, sa Anne Grethe Strøm Erichsen (Ap).

-Dette minner meir om eit vekkelsesmøte, sa Jan Sahl frå Krf.

Fråverande motstandarar

Berre Ragna Flotve frå SV stod einsam i panlet som brumotstandar.

-Det er ikkje berre brua som kan redde Hardanger. Ein har brukt tjue år på å sjå på hindringane, ein må sjå moglegheitene i Hardanger. Er verkeleg brua viktigare enn vegstandarden, spurde Flotve salen.

Arrangørane hadde også invitert Per Nordø og Kurt Oddekalv i Miljøvernforbundet som lenge har arbeidd mot brua, men dei fann ikkje tid til å stille opp.

-Det er ille når NHO er meir folkeleg enn miljørørsla, sa Frank Aarebrot til det manglande oppmøtet frå brumotstandarane.

-At Nordø og Oddekalv takka nei til å stille, tek me som eit teikn på resignasjon, seier Sverre Kleivkås til Hardanger Folkeblad.

Mest lese no



Mest sette bileteserie


HF Lesarbilete

...





Innanriks

...

Besøker 100 bedrifter

Politikk Arbeiderpartiet går aktivt ut for å lodde den vanskelige situasjonen i næringslivet. Les meir


...

Tar opp Telenor-saken

Næringsliv Allerede til uka blir Telenor-saken etter alt å dømme tema i samtalene regjeringen skal ha med indiske myndigheter. Les meir


...

Reagerer på nye bilder

Innenriks Flere norske medier publiserte fredag nye bilder av Anders Behring Breivik etter pågripelsen på Utøya. Les meir


Utanriks

...

Kampene fortsetter

Utenriks Sinte egyptiske aktivister kastet steiner, og politiet svarte med tåregass og skyting i nye sammenstøt i Kairos gater. Les meir


...

Kampene fortsetter

Utenriks Sinte egyptiske aktivister kastet steiner, og politiet svarte med tåregass og skyting i nye sammenstøt i Kairos gater. Les meir



Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.