...
AUKAR: Stadig fleire bilar passerer forbi bompengebua i Austrepollen. 1. april 2011 blir det innført autopass og bua lagt ned. Foto: Arkivfoto: Kvinnheringen

- Formidabel trafikkauke

- Trafikken gjennom Folgefonntunnelen i august i år auka med 13 prosent samanlikna med same månad i fjor, og det må kunna kallast formidabelt.

Publisert 10.09.2010 kl 15:20 Oppdatert 10.09.2010 kl 22:28

Tips ein venn på e-post:


Video-klipp



Det seier dagleg leiar i Folgefonntunnelen AS, Geir Mogren. I gjennomsnitt passerte 862 bilar i døgeret bomstasjonen i Austrepollen, ein snittauke på 99 pr. døger.

- Vi var veldig spente på om det ville verta stor trafikkauke gjennom tunnelen i juli som fylgje av ferjestøopninga på Årsnes. Men julitrafikken gjekk ikkje så mykje opp som vi hadde vona, berre 4.3 prosent, med 1105 bilar i snitt pr. døger.

Ferjestø-effekt

Så kom august og då spratt trafikken i veret samanlikna med same månad i fjor, og ei vesentleg årsak til dette er nok det nye ferjestøet på Årsnes. Nye målingar viser at oddingane sparer kring 15 minutt på turen til Bergen ved å køyra om Årsnes, samanlikna med om dei køyrer om Utne. På same viset sparer bergensarane like mykje tidsmessig når dei t.d. skal til Hardanger eller vidare austover om Haukeli, seier Mogren.

Til no i år har trafikkauken gjennom Folgefonntunnelen vore på 6.2 prosent, mot 7.6 prosent i fjor.

- Vi både vonar og trur at augusttala indikerer auka trafikk også resten av året. Dei fire siste månadene i året har døgertrafikken i gjennomsnitt halde seg på kring 500 bilar, så ein auke her vil visa godt igjen i rekneskapen. Og slår dette til vil vi dette året få ein trafikkauke på mellom seks og ni prosent samanlikna med fjoråret.

Mindre utgifter

Auka trafikk og auka inntekter fører og til at kommunane vil få redusert utgiftene sine til renter og avdrag på tunnellåna. Til no har Kvinnherad kommune årleg betalt kring 3.8 millionar kroner i renter og avdrag på desse låna, men vi har alt no gjeve kommunen melding av at til neste år kan dei budsjettera med 3.2 millionar. Det gjev ein god halvmillion i innsparing, fortel Mogren.

Han legg til at bomstasjonen i Austrepollen etter planen vert operativ fram til 1. april.

- Frå den datoen innfører vi autopass, ei ordning som no skal ut på anbod. Bompengesatsane har ikkje vore auka i samsvar med den generelle prisauken dei siste tre-fire åra, difor vil satsane aukast frå 65 til 75 kroner for mindre bilar, medan satsane for store bilar vert auka frå 130 til anten 140 eller 150, seier Geir Mogren.

Biler til salgs lokalt


De nyeste annonsene:

Annonsere i avis og på nett?

Dagens videoklipp:

...

Ekstrem duell

klipp En TT Corevette med 1.500 hk. versus en TT Viper med 1.200 hk. Les meir


404 - Not found

Error message: Got exception when fetching resource: Director returned null object for resource : /api.no/resources/relax/article/61/4370341/

Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.