To store på smal veg vart for trongt. I alle fall når sidedøra på den eine bilen stod open.
Måndag i halv to tida om ettermiddagen, møttest ein lastebil og ein trailer på riksveg 13 ved Klokkargarden litt sør for Lofthus sentrum.
I tillegg til smal veg, var og ein del snø og is medverkande til at passasjen vart endå trongare enn til vanleg.
Sjåføren på lastebilen som kom frå Eidfjord på veg til Tyssedal prøvde å pressa seg forbi den møtande traileren.
Då han var komen midt på hengjaren, kom han ikkje lenger. Det viste seg at han hadde gløymt å lukka sidedøra.
Ho bygde ut såpass mykje at han ikkje kom forbi bakdøra på hengjaren. Sjåføren på traileren haide opp sideveggen for å gje meir plass. Utan at det var nok.
Til slutt, og med god hjelp av ein del av medtrafikkantane som likevel stod i kø, løyste det seg. Dei la rett og slett stokkar under hjulet på høgresida til lastebilen. Dermed vart han lyfta så mykje at kassen kom klar bakenden på trailerhengjaren.
Det danna seg litt køar på begge sider, men elles gjekk det godt denne gongen og.
Det er likevvel på sin plass å nemna at riksveg 13 er statleg stamveg. Men det hjelper lite med status når ikkje pengane fylgjer med.
Mer flaks enn dette er det vanskelig å ha. Se video:
09.02.12 - 20:59
Usikker på hvordan du lader batteriet? Her får du oppskriften:
09.02.12 - 02:59
Og tro ikke at den er er noen ulv i fåreklær! Se video
09.02.12 - 11:41