Ein trailer køyrde seg fast på Seljestad fredag ettermiddag.
Traileren var på veg til Sverige via E134 over Haukeli då det vart stopp på Seljestad.
Sjåføren måtte rygge 150 meter før han fekk snudd.
- Han tok ikkje sjansen på å køyre over fjellet, seier politioverbetjent Torleif Fresvik i Hardanger lensmannsdistrikt.
Sjølv om han kunne fått hjelp opp dei brattaste bakkane, valte sjåføren istaden å køyre om Sørlandet.
Ifølgje Fesvik var det noko gale med lufttrykket på den svenskregistrerte traileren.
Det vart ingen trafikale problem som følgje av ryggeturen.
Brooms bilekspert mimrer tilbake til den verste bilen han har skrud...
04.02.12 - 08:51
– Denne skulle jeg gjerne hatt på High School!
04.02.12 - 13:54
Påstår det var umulig å skrape frontruten skikkelig. Mistet førerko...
04.02.12 - 06:50