Til oversikta

Ofte stilte spørsmål

Må eg betale for eAvisa når eg abonnerer på papir?
Nei, eAvisa er inkludert i prisen.

Tidlegare fekk eg avisa levert med bud. Kvifor får eg ikkje det no?
Distribusjonsselskapet vårt tilbyr dessverre ikkje levering på adressa di lenger.

Avisa er ikkje kome og kundeservice seier det skuldast dårleg føre. Dette stemmer ikkje. Kvifor får eg denne beskjeden?
Avisa vert levert om natta, og ofte er det ikkje brøytt eller strøydd når avisbudet kjem. Det skuldast ikkje nødvendigvis dårleg føre ved di adresse, men det kan vere dårleg føre andre stadar på ruta. Dette kan føre til forseinkingar.

Kan eg velge ein fast forfallsdag?
Ja, med avtalegiro utan efaktura kan du få forfall den 20. kvar månad.

Korleis opprettar eg eFaktura/Avtalegiro?
Det kan du gjere i nettbanken din eller under «Betaling» på Mi Side.

Korleis seier eg opp abonnementet?
Du kan sei opp abonnementet på Mi Side, ved å sende oss ein e-post, eller ringe kundeservice.

Prisen eg får er ikkje den same som står på nett – kvifor det?
Prisen kan vere ulik fordi perioden din overlappar årsskiftet. Prisen vert justert kvart år. Dersom du kjøper eit årsabonnement i november, vil du få inneverande årspris i november og desember, og neste årspris på resten av perioden.

Eg har gløymt passordet på aID-brukaren min. Kva gjer eg?
Du kan enkelt sette nytt passord ved å trykke her.

Kvifor får eg beskjed om å betale for avisa i app når eg har abonnement?
Du kan lese tre utgåver av avisa før du må logge inn. Viss du får denne beskjeden er du ikkje innlogga med aID-brukaren din. Trykk på knappen «Eg har abonnement». Deretter vert du bede om å logge inn med aID-brukaren din.

Kor stor er fila på avisa når ein lastar den ned på nettbrett/mobil?
Frå ca. 70 til 100 MB.

Eg får levert avisa med Posten. Får eg den levert på laurdag?
Ja, innanfor vårt dekningsområde får du det (dette gjeld kun avistitlar med laurdagsutgåve).

Eg vil annonsere som privatperson – kor vender eg meg?
Trykk her for å annonsere som privatperson.

Eg vil annonsere som bedrift – hvor vender eg meg?
Trykk her for å annonsere som bedrift.