Buer i eigen klasse då ho vannn dameklassen med nyløyperekord på Rimstigen Opp lørdag.
Det var ingen som kunne gjera noko med spreke Buer i dag. Dama frå Gular passerte mållinja på den 2,5 kilometer lange Rimstigen Opp med tida 30:05, skriv Sogn avis.no
– Det er ei krevjande løypa som eg fekk veldig sansen for, seier den glade vinnaren som debuterte på det ferske motbakkeløpet til avisa.
Buer gjekk ut i hundre frå start og hadde full kontroll opp gjennom dei tronge og bratte bakkane.
– Dette er ei løype som passar meg bra, og eg likar å trena i slike bakkar heime. Sidan eg gjekk for å setja løyperekord så starta eg i eit høgt tempo frå start, slik at eg ikkje vart liggjande bakpå å bruke krefter på å springa forbi folk midt i løypa. Det tærer fort på kreftene, seier Buer, og forklarar at ho tok det med ro på slutten.
– Då eg såg 700 moh-skiltet senka eg farta slik at eg kan ta ny rekord til neste år igjen, seier ho med eit lurt smil til Sogn avis
I herreklassen var konkurransen hakket jamnare. Berre 16 sekund skilde mellom gull og bronse i år.
Gullet gjekk til Tormod Tjørnholm frå Kristiansand som sprang i mål på tida 27:31.
Til saman var det 80 påmelde til årets motbakkeløp på Rimstigen, det andre i rekkja. Dette var ein liten nedgang på fire deltakarar frå i fjor.
I tillegg deltok 99 personar totalt i trimklassen på motbakkeløpet som har ein stigning på 35 grader på det meste.
Vant også Eggenipa opp
May Britt ga seg ikkje med sigaren laurdag og sundag var det Eggenipa Opp som stod på plakaten for Buer.
Løpet endte og med sigar i dameklassen, og totalt 4. plass.
- Men eg klarte ikkje setje ny rekord der. Det var ekstremt blaut løype der i år med mykje våt myr, og eg kjende også løpet frå laurdagen i beina, fortel Buer til HF Nett.
Ho var usle tre sekunder unna løyperekorden sin frå i fjor, og 2500 kr i ekstra bonus for ny rekord.
- Det var jo litt kjedelig, men det var og eit flott arrangment, reflekterer Buer.
Suksessen i motbakkane det siste året har også fått lokale sponsorar på banen. Buer har no fått Opedal og Sønner og Bunnpris med på laget.
- Det hjelper veldig godt på i en ellers så travel hverdag, mener Buer
Ullensvang Etter en vår med snø og kulderekorder kom pinsen med sommer som skutt ut av en kanon. Gradestokken klarte nesten ikke følge med på temperaturøkningen som til nå er kommet opp i 21 grader i skyggen Og det skal bli enda varmere. I sola føles det ut som det er 40. Dette bildet er tatt i nærheten av Utne lørdag ettermiddag. Les meir