...
Ingvill Måkestad Bovim i aksjon på søndagens 1500 meter. Foto: Thore-Erik Thoresen/NFIF

11. plass i EM-finalen

Ingvill mangla det siste giret.

Eli Lund E-post
Publisert 01.07.2012 kl 15:34 Oppdatert 01.07.2012 kl 17:49

Tips ein venn på e-post:

Måkestad Bovim var sjanselaus og endte nest sist i finalen søndag. Ho kom i mål på 4.13,32.

- Eg er skuffa, eg òg, parerte Ingvill då ho møtte pressa etter 4.13,32 og 11. plass i EM-finalen som hadde 12 deltakarar.

Med siger til tyrkiske Asli Cakir-Alptekin og tyrkisk sølv til Gamze Bulut, vart det ein dose «tyrkisk pepper» på Ingvill.

Ho kjente seg bra på oppvarminga og kroppen fungerte greit, men?

- Då det var ein runde igjen, kjente eg at eg hadde krefter i massevis og la inn eit høgare gir gjennom nest siste sving.

Det var då eg skulle gå ut og rundt dei framom meg eg plutseleg oppdaga at eg ikkje hadde endå eit gir. Eg fekk nærast sjokk då eg oppdaga dette 200 meter frå mål. Og så eg som trudde eg var i form. Dette kjennes vel omtrent som for ein fotballspelar som skal ta straffespark og skotet går høgt over. Jeg er så nær og allikevel så langt unna, sukka Ingvill.

Ho kom til finalen med den sjette beste persen og den sjuande beste årsbeste.

Planene fram til OL om ein månad er å springe to 1500 metrar, i Diamond League-stevnene i Paris 6. juli og London 13. eller 14. juli, pluss ein 800 meter i det svenske elitestevnet i Karlstad 19. juli.

Intervjuet er gjengitt frå Norges Friidrettsforbund sine nettsider.

På forsiden nå


...

Åtvarar mot roseseljarar

HF nyhende Utanlandske seljarar har dukke opp fleire stadar i distriktet, og politiet ber publikum ta kontakt dersom dei dukkar opp. Les meir

...

Ballbingen fortsatt avsperret av rasfare

HF nyhende Uteområdet ved Skare barneskole er midlertidig stengt til og med fredag på grunn av sikringsarbeid. Les meir



Abonner på e-avisa

...

Fergen mellom Jondal og Tørvikbygd ble innstilt

HF nyhende Tekniske problemer på ferjesambandet Jondal - Tørvikbygd skapte problemer for reisende. Les meir

Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.