Thomas Solberg Eide(19) hadde ei tøff oppgåve framfor seg i kvalifiseringa til finalen i EM.
Det enda med sisteplass og tida 3:54.46 i semifinalen for oddingen i Helsingfors laurdag.
Berre dei fire første i kvar av dei to semifinaleheata gjekk direkte vidare til finalen.
Thomas Solberg Eide opna offansivt og låg i første del av løpet på ein 4. plass, men då tempoet auka, greidde ikkje Solberg Eide å hengja seg fast blant dei fremste løparane.
To norske finalistar på 1500 meter
I tillegg til Ingvill Måkestad Bovim, kvalifiserte Henrik Ingebrigtsen frå Sandnes seg til finale på 1500 meter. Han sprang i heatet etter Thomas Solberg Eide.
Ingebrigtsen kom på ein fjerdeplass i kvalifiseringa.
HF nyhende Uteområdet ved Skare barneskole er midlertidig stengt til og med fredag på grunn av sikringsarbeid. Les meir
HF nyhende Tekniske problemer på ferjesambandet Jondal - Tørvikbygd skapte problemer for reisende. Les meir
HF nyhende Flom på østlandet skaper problemer for Hardanger Folkeblad. Les meir