...
SPREKASTE PÅ STIEN. Sjur Børsheim (Ulvik) og May Britt Buer (Gular) var suverene på det førset av tre Vøringsfoss race.

May Britt tok første stikk

Motbakkedronninga May Britt Buer var umogleg å hamle opp med under fredagens første etappe i tredagarsløpet Vøringsfossrace. Ho viste både damer og menn ryggen, og vart berre slått av Sjur Børsheim. Båe sette dei løyperekordar, og Buer knuste sin gamle rekord med to minutt.

Karl Ystanes E-post
Publisert 10.09.2010 kl 21:47 Oppdatert 12.09.2010 kl 19:45

Tips ein venn på e-post:

Alt klaffa for 26 dugnadsarbeidarar, trimklasse og 32 konkurransedeltakarar då første løpet av Vøringsfossrace gjekk fredag 10. september. Overskya, høveleg temperatur og turr bakke la tilhøva godt til rette for motbakkefolket, som i år talde elleve fleire enn i fjor. I løpet av helga skal dei gjennom tre beinharde løp, det siste over to mil langt.

Det første løpet går frå Måbø gard, inn dalen eit lite stykke, deretter opp ein bråte med trappetrinn som heiter Måbøgaldane, før det flatar ut og løparane spring mot Fossli hotell som er mål. Løpet er nesten 6 km og løparane må leggje 500 høgdemeter bak seg på vegen. 3700 meter er sti og steintrapper.

19 sekund betre

I fjor vann Nils Magnus Bøen Grave på tida 00:35:25. Sjur Børsheim frå Ulvik slo denne med 19 sekund då han kom som første deltakar over målstreken på tida 00:35:06. Det var imponerande av karen som fortel til HF at han har trappa noko ned på idretten i det siste. Men hans 11. plass i Wasaloppet for eit par år sidan burde likevel fortelje oss kva nivå fleire av utøvarane som tok seg opp Måbødalen på fredag ligg på.

Førkjøla, men suveren

Det som var vel så imponerande var at May Britt Buer (Gular) kom i mål som nummer to på tida 38:02. Ho snudde ryggen til alle dei andre, og parkerte sin gamle rekord med to minutt. Det er sterkt gjort av motbakkemeisteren som faktisk var noko forkjøla denne kvelden.

Båe vinnarane fortel til HF at det var lett å løpe denne kvelden, og at det heilt klart var til gagn at løypa var turr og lett.

Dermed står Sjur Børsheim og May Britt Buer med leiartrøyer på laurdag føremiddag når løpet opp frå Simadal tek til. Det er eit løp på 14,5 km og 1180 høgdemeter.

På forsiden nå


...

Ingen avklaring rundt Odda parkering AS

HF nyhende Kommunstyret skulle i dag vedta å opprette Odda parkering AS, men saken ble utsatt. Les meir

...

Starter opp Folkelokk AS

HF kultur Jentene i kulturbedriften Folkelokk UB skal avvikle ungdomsbedriften, men vil ikke legge ned prosjektet. Les meir

...

Ber Stortinget slå sammen kommuner

HF nyhende Kommunenes interesseorganisasjon KS ber Stortinget ta initiativ til kommunesammenslåinger. Les meir

Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.