OFK gut jr-Hale juniors 0-3.
To lag frå Odda er denne veka i England for å spele fotballturnering. I går spelte gutelaget kamp
Øystein Kambestad rapporterar.
”Odda møtte tøff motstand i torsdagens kamp og. Odda var på hogget, men med eit tabbemål og eit offsidemål mot vinn ein ikkje kampar på dette nivået.
Stadige feil og endringar i oppsettet gjorde at Odda i dag (torsdag) møtte Hale frå Liverpool i staden for eit lag frå Kenya som annonsert.
Iflg fotballfagleg sterke lokalpatriotar er heile dette området fotballdominert av Liverpool. Og Liverpool-laga spelar tøff fysisk fotball, gjerne litt over grensa.
Det fekk Odda merka i kampen mot Hale, som før det var gått to minutt hadde fortent raudt for taklinga som sende Larsen ut med skade. Dei gjekk ut i hundre, men det gjorde Odda og, og heldt greit unna halve omgangen, til målmann Fjæra fekk lite tid på eit tilbakespel, og klarerte rett i rumpa på ein Hale-spelar og uheldigvis i mål.
Både Odda og Larsen kom tilbake, og skapte ein del sjansar utan resultat. Stensland var nærast 10 minutt etter målet, men ute av balanse lukkast han ikkje for opent mål. Monsen burde og putta, men mislukkast. Lukkast gjorde derimot Hale, då Stengårdsbakken korrekt markerte offside, men ein elles god dommar let spelaren gå og det litt urettferdig sto 0-2.
To minutt etter pause scora Hale igjen, nok ein gong på Odda sin høgre side. Odda skapte ein del sjansar. Spelet var framleis tøft og på grensa. Midtbanen fekk lita tid, ivrige scousers var på dei som klegg. Ro med ballen var uoppnåeleg. Det heile vart oppjaga, men innsatsen var upåklageleg.
Etter 55 minutt måtte Larsen ut med skade igjen, no for godt. Monsen måtte og ut, og kampen dabba av uten fleire scoringar. Hale, som slo morgondagens Oddamotstandar St Mary´s School frå Kenya heile 9-0, var nøgde med 3-0 og går til gruppefinale mot Pontadawe i morgon. Odda må prøva å unngå sisteplass i gruppa ved å slå Kenyalaget, noko som bør vera godt mogeleg. I så fall blir det 3. Plass i gruppa. B-finalar blir det uansett.
I går var gutane på Liverpool-tur. I dag er det bowling som gjeld. Moro er det alt saman. "
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Web-TV Vinni sang «Sommerfuggel i vinterland» på Sartor senter i Bergen. Video fra BA.
Se video
Siste kommentarar