...
Trine Vevle Westerheim tok tredjeplass på 2000 m under friidrettsstemnet Tyrvinglekene i helga. Arkivbilete. Foto: Jenny Tommsdatter Gabrielsen

Trine tok bronse

Trine Vevle Westerheim (14) frå IL Korlevoll-Odda tok tredjeplass på 2000 m under friidrettsstemnet Tyrvinglekene i helga.

Jenny Tommsdatter Gabrielsen E-post
Publisert 14.06.2010 kl 13:10 Oppdatert 14.06.2010 kl 13:12

Tips ein venn på e-post:


Trine sprang på tida 6,53,18.

2000-meteren blei vunne av Mari Sollid Eide frå Sandane Turn og IL, som fullførte på 6,47,02, tett følgt av Aurora Selstad Dybedokken frå Tyrving IL på 6,47,71.

På 800-meter tok Trine ein åttandeplass.

NM i august

Høgdepunktet i sesongen for Trine blir Junior-NM på Askøy i august. Som snart 15-åring er det fyrste året Trine er gammal nok til å vere med der. Framfor slike arrangement må det mykje trening til.

- Eg trenar seks gonger i veka, fortalde Trine til HF under eit klubbstemne førre veke.

Da tel ho ikkje med gymtimane på skulen. I tillegg til springetrening, trenar ho spent og styrke for å halde seg skadefri.

Vil gå idrettslinja

Om eit år er Trine ferdig på ungdomsskulen.

- Eg har lyst til å gå idrettslinja, fortel ho.

Difor synest ho det er synd at Odda vidaregåande ikkje vil ha noen førsteklasse i idrett til hausten. Ho håper at linja blir open for førsteklassingar igjen til neste år.

Meir enn 1700 utøvarar deltok på Tyrvinglekene.

Mest lese no



Mest sette bileteserier




HFs kundesenter


Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 
Se topplister i Kommuner
Eidfjord  Odda  Ullensvang 

...

Facebook på børs

Web-TV Giganten tar steget inn på børsen.

Les meir

Bilete inn- og utland

Her er svenskenes MGP-håp!

...

Christer Sjögren, Charlotte Perelli, Lotta Engberg og flere kjente fjes deltar i Melodifestivalen.

Se alle artistene!

McLarens nye formel 1-bil

...


Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.