June Kvandal frå Røldal vann klasse 'eldre rekrutt' på Hordastemna i feltskyting som vart arrangert i Fana i helga.
«Ho låg på 7.plass før finaleskytinga, men der slo ho til med fullt hus, 12 treff og 9 innertreff, og greidde dermed å slå nestemann med eitt innertreff. På andre og tredjeplass kom Bjørnar Hatlevik, Bømlo og Sivert Grønsdal frå Tysse.
Det blir spennande å følgja med June no når baneskytinga startar i slutten av april.», skriv Nils G. Hamre, leiar i Røldal skyttarlag, i ei melding til Hardanger Folkeblad.
Hordastemna er den største feltstemna på Vestlandet og det var i alt ca 250 deltakarar denne helga.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Christer Sjögren, Charlotte Perelli, Lotta Engberg og flere kjente fjes deltar i Melodifestivalen.
Se alle artistene!
Siste kommentarar