Gaute Kvåle frå Røldal vann fredag si klasse på 5 km klassisk under Hovedlandsrennet 2010. (Saka er oppdatert)
Gaute kom inn berre 1,4 sekund før andremann, Thomas Ekren frå Melhus IL, og 5,4 sekund før Eirik Jonas Blomseth frå Lillomarka SK.
- Eg visste at det kom til å stå om sekund, så måtte gå på heile løpet, seier Gaute til Hardanger Folkeblad.
- Me låg jamnt heile tida, og bytta på å gå fremst, fortel han.
Men det var altså Gaute som kom seg fyrst over mållina i greina 5 km klassisk langrenn for Gutar 15, i konkurranse med unge skiløparar frå heile Noreg. 246 gutar fullførte denne distansen, men ingen av dei kunne slå sprekingen frå Røldal.
- Dette har aldri skjedd før, verken i Odda sin eller Røldal sin historie, heilt fantastisk! seier ein stolt rektor på Røldal skule, Dag Sverre Ekkje.
I morgon, laurdag, er det sprint som står på programmet og då har ikkje Gaute like godt håp om topplassering.
- Eg var nok best i dag, eg er ikkje like god i sprint, seier Gaute.
No skal han og dei andre løparane tidleg i sengs, for sprinten byrjar klokka ni laurdag morgon.
Feiringa av fyrsteplassen må difor utsettjast litt. Men det vert vel feiring når Gaute er tilbake på skulen i Røldal?
- Det vert det heilt sikkert etter vinterferien, seier Gaute.
Røldal stiller eit imponerande stort lag i 15-årsklassen på Hovedlandsrennet, med fem ungdomar.
Erik Fresvik gjekk til ein 107. plass på 5-kilometeren.
Ingvild Bergsbakken kom på 65. plass av 127 deltakarar som fullførte i Jenter 15-klassa, medan Sigrid Seim kom på 105. plass og Eli Medhus ikkje fullførte.
Frå Korlevoll I.L deltek Sigrid Halldorson, som kom på 56. plass i Jenter 16-klassa, der 99 fullførte.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Manchester City jublet som gale etter at gullet ble sikret fem minutter på overtid hjemme på Etihad!
Se bilder av gullfeiringen!
Siste kommentarar