Hundrevis med dugnadstimar er unnagjort, og resultatet vekte fotballiveren langs vestsida på laurdag. To kampar vart spelt på det nye kunstgraset på Skotamyra.
Først ut var seriekamp mellom Solnut og Harding for smågutar 13.
Laga har møtt kvarandre tre gonger tidlegare i år, og det har enda med siger til Harding kvar gong. Revansjelysta var difor stor, og med gleda over ny heimebane, hadde nok Solnut-gutane det psykologiske overtaket.
Langs sidelinja var det hjelp å få frå ivrige småjenter:
- Gult er kult og kvitt er dritt, vart det ropt.
Solnut fekk festa taket om kampen utover i første. Til pause stod det heile 6-1 til heimelaget.
Harding kom tilbake i starten av andre omgang, og scora gong på gong.
Mot slutten av andre starta spissen til Solnut, Daniel Ekkje Kråkevik heilt bak. Han dribla seg forbi ein etter ein og gjorde alt sjølv. Til sist lurte han keeper og utlikna til 8-6 for heimelaget.
- Årets mål!, jubla Solnut-trenarane, Knut Byrkjenes Hauso og Asbjørn Kråkevik.
Andreas Lothe Måkestad auka til 9-6 for Solnut, og Daniel Ekkje Kråkevik spente ballen omtrent frå midtbanen og rett i mål, det stod 10-6. Til sist fekk Harding eit trøstemål av Jarle Sleire og det målrike oppgjeret enda 10-7.
Harding-trenar Sigbjørn Sleire skrytte av ein fantastisk bra bane på Aga.
- Harding har hatt kunstgras i fleire år, men manglar garderobeanlegg og kiosk, så no ligg Solnut over.
Dugnadsgjengen for nyebanen hadde annonsert eit innbyrdes oppgjer. Solnut mot Solnut, eller rettare sagt, dei innanfor mot dei utanfor Velure, men med innslag av Odda-spelarar for å få nok til å stille lag.
Det var klart for ei blanding av gamal kondis og bein som ikkje heilt lystrar hovudet lenger, men òg med innslag av nokre yngre og lettare leggar. Heile den 60 ganger 100 meter grøne matta vart teken i bruk. Knallharde sprintduellar og smarte fintar synte at gamle kunster ikkje var gløymt.
Sjå bildeserie frå begge kampane.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Manchester City jublet som gale etter at gullet ble sikret fem minutter på overtid hjemme på Etihad!
Se bilder av gullfeiringen!
Siste kommentarar