TRIATLON. Fredag 7. august arrangerte Eidfjord idrettslag Mini Triathlon for 6. gong. Tilhøva var nærast perfekte, med 16,4 grader i vatnet og elles ein varm og fin sommarkveld. Stemninga blant publikum var òg på topp. Dei kunne studere symjeetappen på nært hald frå kaikanten og sjå veksling frå badebukse til sykkelsko og frå sykkelsko til joggesko, samt målgang til slutt utanfor hotellet ved cruisebåtkaien. Startskotet gjekk klokka seks, og då symde dei omlag 80 deltakarane frå gjestekaien, runda cruisebåtkaien (totalt 400 meter) og kasta seg på syklane og la i veg inn til Simadal, før dei avslutta med ein springeetappe på fire kilometer.
Foto: Eli Lund Alle bilda er rettsleg verna av opphavsretten. Vidare bruk er ikkje lov utan avtale.