...
NÆRE PÅ. Andreas Monsen og Eirik Nå til venstre og Stefan Andrianopoulos i ein situasjon mot slutten av kampen. Foto: Johs H. Sekse

Surt Oddatap mot tabelltopp

Juniorlaget til OFK lei eit surt tap for topplaget Fana i eliteseriekampen på Odda stadion sundag ettermiddag.

Johannes Sekse E-post
Publisert 01.06.2008 kl 19:11 Oppdatert 01.06.2008 kl 19:27

Tips ein venn på e-post:

...
NESTEN. Eirk Bjørkevoll headar, men ballen går via tverrliggjaren og til keeper. Foto: Johs H. Sekse

-Dette var absolutt ufortent, seier trenar Magne Nondal. - Heile laget jobba godt og viste moral, men det hjelpte ikke. Det var difor ein skuffa Oddagjeng som gjekk av banen etter kampen.

Fyrste omgang var laga jamne. Sjølv om heimelaget meiner dei vart snytte for minst to klare straffar. Den eine var til og med leiarane hjå Fana einig i, seier Nondal.

Etter 30 minutter klarar derimot Espen Bjørkevoll å scora. Fana utliknar fem minutt før pause. Bortsett frå det med straffane, var 1-1 eit greitt pauseresultat.

Men i andre omgang kom Odda for fullt og køyrde det meste av spelet. Likevel var oddsen imot. Aller surast var det som skjedde heilt på tampen av kampen.

Fyrst heada Espen Bjørkevoll i tverrliggjaren. Like etter scorar Fana det avgjerande målet i andre enden av banen. Trass fleire iherdige og gode forsøk, vart sluttresultatet 1-2.

-Fana er eit desidert topplag, men denne gongen skulle Odda ha vunne, seier Nondal. OFK har spela langt færre kampar enn dei andre og ligg difor langt nede på tabellen, med berre tre poeng etter fire kampar.

Neste sundag får dei tabelltoar Stord på besøk. Ein ikkje heilt enkel motstandar det heller. Men slik OFK-juniorane spela sundag kveld, er dei gode for ein høgare plass på tabellen.

Mest lese no



Mest sette bileteserier




HFs kundesenter


null

...

Tufte med motorsaga

Web-TV Olaf Tufte har byttet årene med en potent motorsag, og gyver løs på VM i timbersports.

Se video

Bilete inn- og utland

Superflyet i Norge

...

Norwegian nye superfly er i Norge. Bli med på en omvisning.

Se bildene her

Lyseblått Manchester!

...

Manchester City jublet som gale etter at gullet ble sikret fem minutter på overtid hjemme på Etihad!

Se bilder av gullfeiringen!


Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.