Onsdag kveld vann Il. Harding dameklassen i Kammerstafetten i Odda for tredje året på rad. Dei fekk dermed pokalen til odel og eige.
Det var duka for kappestrid mellom Il. Harding sitt damelag og Røldal i Kammerstafetten i Odda onsdag kveld. Begge laga hadde nemleg to napp i vandrepokalen. Men Harding sitt fyrstelag gjorde det relativt raskt klart at dei ville vinna for tredje året på rad - og gjorde det. Dermed fekk dei pokalen til odel og eige.
I herreklassen var det Røldal «Sau og Geit» som vann, med Bil Zinken sitt fyrstelag hakk i hel. I ungdomsklassen var skiskyttarane til OI raskast. I alt deltok 14 lag - fire av dei i den ygnste klassen.
Det var elles skikkeleg god gammaldags stemning på stadion, med mykje folk på tribunen. Også langs løypa, og særleg ved Eidkiosken, var det tett med heiande publikummarar.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Web-TV Vinni sang «Sommerfuggel i vinterland» på Sartor senter i Bergen. Video fra BA.
Se video
Siste kommentarar