Natt til laurdag var vandalar på ferde på Sekse skule i Ullensvang herad.
- Det har vore folk og grisa til rundt skuleplassen. Eit fotballmål er øydelagt, ei urne er knust. Tavla som markerer bursdagane til barna er knust og i det heile tatt er det rett og slett gjort mykje skadeverk, seier politioverbetjent Per Helge Sekse ved Hardanger Lensmannskontor til HF Nett.
Som om ikkje det var nok har vandalane gjort frå seg på skuleplassen fleire stadar.
- Det er avføring frå folk som har gjort frå seg. Det er helt unødvendig og kjedelig for ungane. Barnehagen ligg rett attmed og er open, seier Sekse.
Skuleplassen skal ha vore i fin forfatning på fredag og det skal altså ha vore natt til laurdag at skadeverket fann stad.
- Blomsterpottane er knust og kasta i sandkassen. Det er voldsomt kjedeleg, meiner Sekse.
Ullensvang herad har no meldt forholdet til politiet og Hardanger Lensmannskontor er interessert i opplysingar i saka.
Ullensvang Etter en vår med snø og kulderekorder kom pinsen med sommer som skutt ut av en kanon. Gradestokken klarte nesten ikke følge med på temperaturøkningen som til nå er kommet opp i 21 grader i skyggen Og det skal bli enda varmere. I sola føles det ut som det er 40. Dette bildet er tatt i nærheten av Utne lørdag ettermiddag. Les meir