...
Caroline Sørensen og Trond Utne er klar for flytting. - Både litt trist og litt spennande, meiner dei. Foto: Eivind Dahle Sjåstad

Tårevått farvel med skulen

– Det er både litt trist og litt spennande, meiner Trond (snart 11) og Caroline (13).

Eivind Dahle Sjåstad E-post
Publisert 29.06.2012 kl 10:26 Oppdatert 29.06.2012 kl 10:44

Tips ein venn på e-post:

Til hausten skal elevane frå tidlegare Vines skule undervisast på Hauso skule.

Klatretaua heng framleis i gymnastikksalen på Vines skule og vinglar att og fram etter at elevane har klatra opp og ned for siste gong.

Rektor Audny Teigland gjer unna siste rest av flyttinga og trekk samstundes inn taua for siste gong. Dei har hatt si tid. Skulen har hatt si tid.

No er det berre å sjå framover. Utanfor skulen står ein bil med tilhengjar frå Ullensvang herad klar. Stolar og skuleutstyr er lessa inn.

- Kjenner dei fleste

– Det er både litt trist og litt spennande, seier Trond Utne og får støtte av Caroline Sørensen.

Ho er tretten år og skulle uansett slutte på Vines.

– Me kjenner dei fleste på Hauso, fortel dei og meiner det skal bli artig å få nye og fleire skulekameratar. Men dei to tykkjer likevel det er noko vemodig å spasera ut av skuleporten for siste gong.

Politikarane ofra skulen

Samanslåinga av dei to skulane Vines og Hauso var i haust oppe i heradsstyret som eiga sak, og grunngjevinga var at tal elevar var for lågt på Vines. Rektor

Teigland skulle gå av med pensjon etter skuleåret og skulle Vines oppretthaldast, måtte ein søkje etter og tilsetja ny rektor.

I tillegg var det eit ynskje om å auke elevatalet på Hauso. Vines skule vart difor som forventa ofra då politikarane i Ullensvang skulle vedta ny skulestruktur for vestsida av heradet i fjor.

Høgre og Ap gjekk i kompaniskap om eit framlegg om å behalda Vikebygd som i dag, la Vineskrinsen leggjast til Hauso og ruste opp skulen der for 35-40 millionar.

Forslaget vart vedteke. Det nye heradsstyret (som vart til etter valet) ville også vurdera saka, men det vart ikkje nokon snuoperasjon frå dei nyvalde politikarane.

På flyttefot

Før flyttelasset skal transporterast frå Vines til Hauso får HF ei eksklusiv oppvising av elevane. Dei grip tak i instrumenta. Trond har trommestikkane klar. Caroline spelar gitar. Elevane strålar. Ei vakker avslutning på skuleåret med flott song og musikk.

Litt seinare på dagen er elevane komne fram til Hauso. Der ventar dei nye venene deira. Med ein stor plakat ynskjer Vines-elevane velkomne til ny skule.

Brått vert kjenslene for vanskeleg å halde att.

Fleire bryt ut i gråt. Men det går fort over og saman med elevane på Hauso skrid dei til verks med å bæra stolar og utstyr opp vegen til skulen.

Vines er nedlagt, men no har elevane fått ein ny skule. I mellomtida er dei glad for at det sommarferie.

...
VELKOMMEN. Elevane ved Hauso skule ynskja elevane ved Vines velkomne. Foto: Eivind Dahle Sjåstad
...
FLYTTEFOT. Slik ser det ut når ei skule skal flyttast fra ein plass til ein annan. Foto: Eivind Dahle Sjåstad
...
Dette bilete treng ikkje beskrivast. Foto: Eivind Dahle Sjåstad


På forsiden nå


...

Åpnet igjen- såvidt

Odda Klokka 22 ble rv 13 igjen åpnet for trafikk ved Byrkjanes, men det er bare så vidt to ansatte fra Statens Vegvesen nå klokka 22.30 (bildet) klarer å holde vegen oppe. Les meir

...

Setter opp båt mellom Odda og Tyssedal

Odda Odda kommune har besluttet å sette opp båtforbindelse mellom Odda og Tyssedal så lenge vegen er stengt ved Byrkjanes.

Første avgang er klokka 21 og båten vil gå fram til klokka 23 i kveld om vegen ikke blir åpnet før. Les meir

...

Ras ved Byrkjanes stenger rv 13

Odda Et steinras kombinert med flom ved Byrkjanes stenger rv 13 mellom Odda og Tyssedal. Vegen ble stengt omlag 17.30 og den blir trolig stengt i flere timer. Les meir

...

Plutselig er det sommer

Ullensvang Etter en vår med snø og kulderekorder kom pinsen med sommer som skutt ut av en kanon. Gradestokken klarte nesten ikke følge med på temperaturøkningen som til nå er kommet opp i 21 grader i skyggen Og det skal bli enda varmere. I sola føles det ut som det er 40. Dette bildet er tatt i nærheten av Utne lørdag ettermiddag. Les meir

Til Grasrotandelen

Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.