- Me vil vite kva konsekvensar dette får for bygda og me vil høyre argumentasjon for ei slik løysing.
Det seier Agnieska Bratland, leiear av foreldreutvalet (FAU) ved Opedal skule.
Sjølv vart ho kjend med siste utspel - og fleirtalsframlegg - i formannskapet gjennom oppslag i HF førre onsdag: Opedal-elevane skal gå i Kinsarvik, medan Sekse skule får halda fram.
- Me inviterer til folkemøte på skulen torsdag og vonar både ordførar og rådmann kjem, seier Bratland som gjerne ser mange heradspolitikarar i salen. Spesielt ber ho, SP-politikarene, om å kome. Det var deira framlegg.
FAU hadde ikkje diskutert den nye situasjonen då me snakka med leiaren fredag.
- For oss er det viktig å høyre kva me får behalde om dette vert vedteke. Gymsalen er i bruk kvar kveld og skulen er ein viktig møte- og aktivitetsplass i bygda, seier ho.
FAU-leiaren ser den nye løysinga som bakvent. Til dømes må fleire elevar enn i dag ha skyss. Ho er innstilt på at det vert samanslåing av skular, men viser til at denne versjonen av ny struktur ikkje har vore vurdert.
- Me ynskjer ein god skule, både fagleg og sosialt.
Odda Etter bare to timer måtte Vegvesenet igjen stenge rv 13 forbi Byrkjanes på grunn av flom og ras. Ny vurdering blir tatt kl. 14 søndag. Oddas kommunale rutebåtjeneste fortsetter båttransport mellom Odda og Tyssedal inntil videre. Bildet er tatt da båten kom fra Tyssedal klokka 10 i morges. Les meir