Jan Beitohaugen Granli. Foto: Privat.

Solokonsert på Utne

Meisterspelemann Jan Beitohaugen Granli held solokonsert.
Mette Bleken E-post
Publisert 17.02.2012 kl 14:01 Oppdatert 18.02.2012 kl 17:17

Tips ein venn på e-post:



Fredag kveld er det på’an igjen på folkemuseet på Utne. Meisterspelemann Jan Beitohaugen Granli held solokonsert.

Beitohagen Granli er ein populær og mykje nytta dansespelemannbåde på festar og kappleikar.

Han studerte folkemusikk ved Høgskulen i?Telemark og har tatt spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet. Han er kvalifisert for eliteklassa i Hardingfele, klasse A, på Landskappleiken som han har vunne tre gongar.

I 2004 fekk han Kongepokalen for prestasjonen, han har vunne Fanitulltevlinga på den Norske Folkemusikkveka på Ål to gongar. I 2005 hadde han showcasekonsert under Folkelarm.

Felespelaren er no frilans musikar og lærar i musikkskulen i Valdres, les me i ei pressemelding i samband med konserten, som er ein del av konsertrekkja som Hardanger folkemusikksamling skipar til med støtte frå Norsk kulturråd.

«Meisterspelemenn - solo» starta i fjor haust, og held fram, lovar museet.

Som vanleg er det servering i den kafeen på loftet både før, under og etter konserten, og engasjerande quiz etter.

På forsiden nå


Fremadstormende bluesrockere

Hva gjør et band når bare en håndfull publikummere møter opp på konsert? Man leverer en to timers maktdemonstrasjon.

Sjekk fjellovergangene

Mange er på vei hjem fra vinterferie, men på flere av fjellovergangene er det uvær.

Arkitektstudent fra Nå vant pris

Jarand Nå gikk til topps i studentkonkurransen 120 hours med forslaget «Remember work?»

Etterforsker mulig voldtektsforsøk

Politiet etterlyser vitne etter et mulig voldtektsforsøk i Odda sentrum fredag kveld.