Sekse skule i Ullensvang er ute på glattisen etter at rådmannen no ynskjer å slå saman Sekse og Opedal skule. I mellomtida koser elevene seg på skøyter.
Snøen lavar tett ned over skulegarden på Sekse skule. Nokre elevar skuflar vekk snø frå den nylagte skøytebana skulen har stelt i stand.
– Det tok om lag 10 dagar å få på plass bana.?Dette er folkehelse, seier lærar Gaute Åsebø.
Med spyleslangar, vatn og skrapeutstyr har dei alt dei treng for å lage en god skøytebane som kan nyttast av elevar og andre og tilbodet er svært populært.
– Her er det full aktivitet nesten heile døgnet. Me har også satt opp lys til bruk om kveldane, seier Åsebø. Han meiner dette er eit viktig tiltak for å betre folkehelsa og oppmodar folk både i Odda og andre stader til å nytte skøytebana.
No håpar han Ullensvang herad kan få på plass ein permanent skøytebane i samband med den planlagde fleirbrukshallen, for det slett ikkje sikkert at skøytebana på Sekse held seg gjennom vinteren.
– I fjor gjorde den det. Då var det kulde i fire månader, men den tåler eit par dagar med mildver, seier han.
Sjølv om mildveret kan true skøyteisen på Sekse, er eit anna trugsmål større på Sekse – nemleg den pågåande saka om å flytte elevane på skulen til Lofthus.
Elevane har ei klår beskjed til heradet:
– Ikkje legg ned skulen. Vi trivs her, seier Hedda (12) og Oda Kristin (11). Dei tykkjer det er trist at området dei no leikar og står på skøyter er truga. Men framtidsplanen har dei klåre uansett om dei går på skule på Sekse eller på Lofthus.
– Kjendisar. Vi skal vi berømt, seier dei to og meiner første steg er å bli intervjua av Hardanger Folkeblad.
Men elevane har inga problem med å kose seg sjølv om rådmannen i heradet har foreslått og flytte dei til ei anna skule. Eli Wenke (9) og Gina Reiseter (9) tykkjer det er artig å stå på skøyter.
- Det er gøy og no skal me spele ishockey, seier dei to.
– Kva er det som er så artig med skøyter?
–Vi slepp å bli så slitne når vi står, seier dei to.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Manchester City jublet som gale etter at gullet ble sikret fem minutter på overtid hjemme på Etihad!
Se bilder av gullfeiringen!Brann og Strømsgodset tok sesongens første 3-poengere. I Lillestrøm reddet Dorsin ett poeng for Rosenborg på overtid.
Se alle bildene fra 2. serierunde!
Siste kommentarar