...
LAAANGT. Vilde S. Røynstrand 11 år og Ingvild Dvergsdal 12 år har lov å vera litt skjelvne i beina. Symjeturen starta ved Fruktlageret på Børve, som me ser i bakgrunnen. Private foto

Spreke jenter sumde fjorden på skrå

Sist sundag sumde Vilde S. Røynstrand(11), mamma Elin og Ingvild Dvergsdal (12) over Sørfjorden. Men dei tok lang frå den kortaste vegen.

Johannes Sekse E-post
Publisert 20.08.2010 kl 09:28 Oppdatert 20.08.2010 kl 09:36

Tips ein venn på e-post:

...
BÅTKOMPISAR. Dei kjekke gutane som fylgde med båt, Aleksander Nakkerud og Haldor Espe til høgre. Privat foto

- Det var Vilde som spurde meg om me skulle symja over fjorden, seier mamma Elin Sandstå Røynstrand, som sa «sjølvsagt».

Vilde S. Røynstrand 11 år og Ingvild Dvergsdal 12 år.

Jentene ringde til kompisane Aleksander Nakkerud og Haldor Espe, som sa ja til å bistå med fylgjebåt.

Symjeturen starta på Skjæret ved fruktlageret på Børve i totida sundag.

Lenger enn planlagt

Meininga var at dei skulle symja tvers over, for her er fjorden på det smalaste. Men dei hadde ikkje teke høgde, som det heiter, for utgåande straum.

Ein time og åtte minutter seinare nådde dei land på andre sida. Og var då komne heilt ut til ei bryggje/hytte nord for saftfabrikken på Aga.

Dermed vart symjeturen monaleg lenger enn planlagt. Etter HF sine, litt grove utrekningar, var den planlagde distansen på rundt 1,3 km, medan turen vart minst 2,5.

Sidestraum

Viss ein då også reknar med at han gjekk litt i boge, på grunn av sidestraumen, kan dei plussa på endå litt til.

Uansett var det ein prestasjon som det står respekt av, og jentene hadde fylgjeleg lov å vera litt skjelvne i beina rett etter landkjenning.

Etter båtskyss attende til Børve, fekk dei brus og

nysteikte bollar av foreldra til Ingvild. Dei var mektig imponerte og stolte av jentene, for dei hadde faktisk ikkje tru på at dei ville klara det.


Mest sette bileteserier




HFs kundesenter




Abonner på e-avisa


Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 
Se topplister i Kommuner
Eidfjord  Odda  Ullensvang 

...

Facebook på børs

Web-TV Giganten tar steget inn på børsen.

Les meir

Bilete inn- og utland

Her er svenskenes MGP-håp!

...

Christer Sjögren, Charlotte Perelli, Lotta Engberg og flere kjente fjes deltar i Melodifestivalen.

Se alle artistene!

McLarens nye formel 1-bil

...

Spellemann-festen

...

Lørdag gikk årets Spellemannpris av stabelen. Både vinnere og kjendiser strålte under musikkfesten!

Se bildeserie her!


Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.