...
Arkivfoto Foto: Mette Bleken

Ope møte om lagune

I morgon, onsdag, kan folk få innsyn i planane om badelagune i Kinsarvik. Då vert det skipa til møte i heradstyresalen.

Mette Bleken E-post
Publisert 09.03.2010 kl 10:54 Oppdatert 09.03.2010 kl 10:56

Tips ein venn på e-post:


Det var Plan- og ressursutvalet som ville leggje saka fram for ålmenta slik at alle kan sjå planane, omfang og koma med spørsmål og innspel, før utvalet fattar vedtak i saka.

Kinsarvik Vel skal orientere om tiltaket og heradsadministrasjon og Plan- og ressursutval vil ta for seg saksgang og vidare handsaming.

Det vert lagt opp til open debatt og høve til å koma med synspunkt.

Administrasjonen er positiv til planane som ligg i søknaden frå Kinsarvik vel, men med visse justeringar.

Fylkesmannen har vurdert saka to gonger og er skeptisk til planane slik dei ligg føre. Han syner mellom anna til strandsoneregelverk og verna vassdrag. Han anbefaler å starta ein planprosess der heile arealet vert vurdert.

I saksutgreiinga heiter det at saka er prinsipiell, omfanget av tiltaket er stort og det har mykje å seie for lokalsamfunnet.

Granden/Ålmerket er einaste høvelege stad for ein badeplass i Kinsarvik-området, men kjem i konflikt med småbåthamna, om ikkje tilhøva vert lagt til rette for å unngå ulukker.

Det var styret for Ålmerket som i si tid tok initiativ til å få ei sikra badeplass for både innbyggjarar og tilreisande. Kinsarvik vel og eldsjeler har sidan jobba fram eit prosjekt. Deira mål var å ha ei badelagune klar til bruk før sommaren.


Mest sette bileteserier




HFs kundesenter




Abonner på e-avisa


Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 
Se topplister i Kommuner
Eidfjord  Odda  Ullensvang 

...

Bombing og skyting

Web-TV Situasjonen i Syria bedrer seg ikke.

Se video

Bilete inn- og utland

Se de nye motene!

...

Oslo Fashion Week er i gang. Sjekk ut de nye motene og trendene.

Se bildeserie

Full fest i Florø

...

De hotteste trendene

...

Vi viser deg de hotteste og nyeste trendene fra Gave- og interiørmessen i Lillestrøm.

Se bildene her


Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.