HF Reportasje: Her kan du sjå korleis vatnet frå Folgefonna vert tappa på flasker ved tapperiet på Hovland.
Sjølvaste prinsen frå Oman var med då Isklar offisielt opna på Hovland i dag tirsdag.
Prinsen av Oman, Hans Eksellense Sayyid Khalid bin Hamad bin Hamood Al Bu Said og to andre medlemmer av sultanfamilien var tilstades då Isklar offisielt opna tirsdag ettermiddag.
Det var også fylkesordførar Torill Selsvoll Nyborg, ordførar Solfrid Borge og mange lokale folk frå Hovland, Sekse og resten av fjorden. Isklar bydde på omvisning, underhaldning, kake, kaffi, is og sjølvsagt vatn, som ifølgje ungdomane på Hovland, smakte heilt vanleg.
Det var ordførar Solfrid Borge som stod for den offisielle opninga. Ho hadde pynta seg med bunad og koneskaut, og var glad for den nye satsinga som vart gjort i Hardanger.
Den vel timeslange opninga gjekk for det meste med til flotte ord til alle som har stått på og gjort det mogleg å klargjera Isklar til produksjon før tida. Samt fekk Solfrid Borge og heradet mykje ros for innsatsviljen og for å leggja ting til rette for nyetableringa.
Sultanprinsen frå Oman fekk også takk for at han ville investera pengar i ei lita bygd i Hardanger. Han har i alt satsa 100 millionar kroner i det nye norske flaskevatnet som skal seljast i Europa. Eigarane til Isklar er dei to industrigigantene Sabco og JOVA Holding. Sabco vert i stor grad eigd av den regjerende sultanfamilien i Oman.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Christer Sjögren, Charlotte Perelli, Lotta Engberg og flere kjente fjes deltar i Melodifestivalen.
Se alle artistene!Lørdag gikk årets Spellemannpris av stabelen. Både vinnere og kjendiser strålte under musikkfesten!
Se bildeserie her!
Siste kommentarar