...
To ledningar langs fjordbotn skal frakta fonnavatn frå Reisæter over til Hovland. Prosjektleiar innleigd frå Hardanger Consult, Endre Lægreid, orienterte politikarane i Ullensvang om prosjektet under ei synfaring sist veke. Foto: H. Frøyseth

Isklar blir størst i Skandinavia

Den nye flaskevatnfabrikken i Ullensvang vert den største i Skandinavia. Men flaskevatnet vil ikkje vera mogleg å få kjøpt i Norge. Fleire ynskjer no at Isklar vil vurdera å selja vatnet lokalt.

www.hardanger-folkeblad.no_admin admin
Publisert 05.07.2007 kl 16:07 Oppdatert 03.09.2008 kl 10:38

Tips ein venn på e-post:

...
...
NYTT LIV I GAMLE FABRIKKLOKALE. Slik skal det bli sjåande ut på Hovland når arbeidet med bygging av kai og renovering av bygningar er fullført. Foto: Illustrasjonsskisse utarbeidd av Hardanger Consult

Når begge produksjonslinjene på Hovland er i drift vil mineralvatn-fabrikken Isklar vera større enn Coca-Cola på Lørenskog, og den største flaskevatnfabrikken i Skandinavia.

Det er planlagt to produksjonslinjer. Den fyrste vert installert i haust. Ved kvar produksjonslinje vert det produsert 10 flasker i sekundet. Dette vert ei palle i minuttet og 36 000 flasker i timen. Når begge produksjonslinjene er i drift skal årleg 200 millionar liter vatn tappast på flasker, pakkast på paller og fraktast i båt til England, som er det første landet Isklar skal selja vatnet sitt i.

Boblefritt og reint

Det er teke prøver av vatnet, som viser seg å vera svært reint. Det må det vera skal Isklar kalla vatnet sitt for naturleg mineralvatn.

- Prøvane som er tekne av vatnet er veldig fine og syner at vatnet er svært reint. Det skal ikkje reinsast på nokon som helst måte, seier fabrikksjef på Hovland, Geir Morken.

Folgefonnvatnet skal tappast i 0.5 liter- og 1.5 literflasker. Utan kolsyre. I følgje Isklar er kullsyrevatn noko som er populært i Norge, og mindre vanleg elles i verda.

Det boblefrie vatnet frå Folgefonna skal vera på marknaden i Storbritannia i løpet av april 2008. Første prøveproduksjon på Hovland vert på nyåret.

Meir tonnasje enn Boliden

Og det går unna på Hovland om dagane. Bygging av kai ligg foran tidsskjema.

- Den vert ferdig i løpet av september, fortel Endre Lægreid prosjektleiar innleigd frå Hardanger Consult. Kaien er 55 meter lang og kan ta imot båtar som er opp til 150 meter lange.

Når dei to produksjonslinjene på Hovland er i full drift vil årleg tonnasje levert over kai på Hovland vera større enn frå Boliden Odda AS på Eitrheim.

- Ved full produksjon er det er snakk om 200 000 tonn i løpet av eit år, seier Lægreid. Båtane som legg til kai på Hovland vil vera 5-10000-tonnarar. Ved full produksjon vil det koma ein slik båt i veka.

Levarandørar

Bygningane, som tidlegare har romma både ullvare- og bryggeriproduksjon, skal bli heilt nye.

- Berekonstruksjonane i betong vert ståande. Elles skal alt i hovudsak bytast ut. Det vert nytt tak, ny platekledning utvendig, nye vindauge, og ny isolasjon, seier Lægreid. Alle bygningane skal stå ferdige til nyttår.

Fabrikksjef Geir Morken er for tida oppteken med å få inn leverandørar. - Eit fransk firma skal levera maskiner, fortalde Morken under Ullensvang heradsstyre si synfaring til Hovland sist måndag.

Éin leverandørkontrakt er med andre ord på plass. Men Isklar treng også leverandørar til mellom anna korkar, etikettar, papp, plast og såkalla «preforms» til flaskene.

Ein «preform», eller «pets» er ei slags kompakt plastflaske, som på Hovland vert blåst opp til rett fasong ved hjelp av trykkluft.

Prøveboring

To ledningar skal strekkjast over fjorden, frå Reisæterområdet. Dei vil følgja fjordbotn, som på det djupaste er 380 meter. Ledningane vil koma i land på nordsida av elva på Hovland.

€Sist måndag kunne Lægreid fortelja heradsstyret at alle grunneigaravtalar no var på plass.

Det er skrive avtale med grunneigarane både for Reisæterkjelda og for kjelda på Hærsete. Pr. i dag er det berre søkt om konsesjon for uttak av vatn på Reisæter.

- Men det vil verta søkt om om utvida konsesjon ganske snart, informerer Lægreid.

Det er rikeleg med vatn i kjeldene og ein jobbar no med prosjektering av inntakskonstruksjonane. Det er gjennomført prøveboringar som grunnlag for å finna dei beste løysingane.

- Me jobbar no med detaljar på korleis me skal ta ut vatnet, seier han.

Isklar har etablert god dialog med Mattilsynet, som har førehandsvurdert prosjektet. Det vil i løpet av kort tid verta send formell søknad om godkjenning både for kjeldene på Reisæter og produksjonslokala på Hovland.


Mest sette bileteserier




HFs kundesenter




Abonner på e-avisa


Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 
Se topplister i Kommuner
Eidfjord  Odda  Ullensvang 

...

Facebook på børs

Web-TV Giganten tar steget inn på børsen.

Les meir

Bilete inn- og utland

Her er svenskenes MGP-håp!

...

Christer Sjögren, Charlotte Perelli, Lotta Engberg og flere kjente fjes deltar i Melodifestivalen.

Se alle artistene!

McLarens nye formel 1-bil

...

Spellemann-festen

...

Lørdag gikk årets Spellemannpris av stabelen. Både vinnere og kjendiser strålte under musikkfesten!

Se bildeserie her!


Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.