Om kort tid vert det sett i gang arbeid på E134 i Austmannalitunnelen for å reparera tunnelportalen som vart knust i november i fjor.
Raset knuste delar av tunnelportalen. Reparasjonane då vart gjort mellombels for å kunne setja trafikken på så fort råd var. No skal arbeidet fullførast, noko som krev at tunnelen må stengja, opplyser prosjektleiar Eystein Knag.
Kontrollreknar
Statens vegvesen går for tida gjennom og kontrollreknar tilboda frå entreprenørane.
- Etter at entreprenør er vald, og ti dagars klagefrist, set me i gang så fort det let seg gjera for å få gjort mest mogleg før vinteren, seier Knag.
Trafikken vert leia etter gamlevegen, med kolonnekøyring medan arbeidet pågår.
Tiltak
Portalen skal gjerast heilt ferdig og heile tunnelen skal sikrast mot frost og vatn. Det gamle frostsikringsmaterialet (PE-skummet) er fjerna frå før og tunnelen er ferdig fjellsikra.
Det skal i tillegg sprengast ei nisje for installering av eit såkalla ”teknisk rom” der styreeiningar for mellom anna overvaking og sikringsutstyr skal monterast.
Framdrift
Portalen skal vera ferdig til byrjinga av desember, og resten av tunnelen skal ferdigstillast før sommaren 2011.
- Me må prioritera den delen av tunnelen som tener som oppstillingsplass for kolonnekøyringa over Haukeli, seier Knag. - Den må bli ferdig før vinteren.
Dersom vértilhøva tilseier kolonnekøyring over Haukeli, kan ikkje trafikken gå etter gamlevegen i Austmannalia. Arbeidet i tunnelen vert da stogga/redusert og tunnelen opna for trafikk.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Vi viser deg de hotteste og nyeste trendene fra Gave- og interiørmessen i Lillestrøm.
Se bildene her
Siste kommentarar