Onsdag førre veke organiserte Røldal skule olympiske leikar for femte gong. Alle elevane var med, og det vart tevla i sju greiner.
- Dette er den femte olympiaden her, fyrste gong var då det var på Lillehammer, fortel lærar Leiv Arne Øiesvold.
- Og så hev me VM dei åra det ikkje er OL, legg han til.
Elevane var inndelt i land, med omtrent ein frå kvart trinn på kvart lag.
Før OL sette i gang hadde skulen sjølvsagt ein opningsseremoni, der rektor oppfordra til å vise god sportsånd. Til seremonien hadde lærar Berit Ekkje skaffa til vege ein heilt spesiell rekvisitt, ein fakkelholdar frå OL i Oslo i 1952
- OL-elden gjekk frå Mågedal til Oslo, og ein frå kvart idrettslag i Vest-Telemark gjekk ei etappe. Far gjekk for Åmdal I.L, forklarar Ekkje.
Sjølve øvingane var varierte.
- Fyrst var det ishockeykampar, me har sprøyta tennisbana til skøytebane, og den har vore brukt mykje i vinter, forklarar Rabbe.
Ein anna utfordrande grein var ein slags curling der det var om å gjere å få eit akebrett til å stoppe nærast mogleg ein blink. Ein utøvar skulle prøve å dytte akebrettet utfor bakken i akkurat passe fart, mens lagkameraten på brettet ikkje fekk lov å bruke hender og føter til å bremse.
Krabbing i snø, kombinert bakkeløp og akestafett, skiskyting (med ordentleg skyting) og langrennsstafett var dei siste øvingane.
Til sist var det Japan, Noreg og Frankrike som vart dei tre beste samanlagt. Men det viktigaste er sjølvsagt ikkje å vinne, men å delta,? og ha det gøy i snøen.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Manchester City jublet som gale etter at gullet ble sikret fem minutter på overtid hjemme på Etihad!
Se bilder av gullfeiringen!Brann og Strømsgodset tok sesongens første 3-poengere. I Lillestrøm reddet Dorsin ett poeng for Rosenborg på overtid.
Se alle bildene fra 2. serierunde!
Siste kommentarar