Trur på kanonopning i Røldal

Med ein meter snø, tre nye skiheisar og stolheis satsar Oddvar Bratteteig på ein knallopning på Røldal Skisenter på laurdag. Men kva seier meteorologen?

Publisert 04.12.2007 kl 12:59 Oppdatert 04.12.2007 kl 12:59

Tips ein venn på e-post:

...
Øvste delen av Røldal Skisenter den 3. desember i år. Foto: Røldal Skisenter

Som planlagt opnar Røldal Skisenter på laurdag. Klokka ni opnar bakkane for snøglade alpinistar, med 500 meter høgdeforskjell og rundt åtte kilometer nedfartar å boltra seg på. Tysdag var det ein meter snø i anlegget, noko som gjer at ein kan opna anlegget heilt til topps frå første dag.

- Eg trur me får ein draumeopning på laurdag, seier dagleg leiar for skisenteret, Oddvar Bratteteig.

Pudder til knes

- Det er rundt ein meter snø i bakkane no, og med fint ver på laurdag kan me få flotte forhold, med puddersnø til knes på dei besøkjande.

Med dei nye heisane har skisenteret auka kapasiteten med 60 prosent. No kan ein ta i mot heile 5600 personar per time, noko som vil sikra mindre kø og meir skikøyring for gjestane.

- Me håpar på ein ny rekordsesong, seier Bratteteig.

Det er førebels berre ein av dei nye heisane som vert opna på laurdag. Mandag skal heis nummer to godkjennast av Veritas, den tredje vert truleg klar i romjula, ei tid då skisenteret opplever stor pågang.

Regn og mildver

Vakthavande meteorolog Reidun Holmøy er dessverre ikkje like sikker som Bratteteig på at det vert ein knallopning reint vermessig.

- Røldal får nok mykje nedbør i dagane fram til laurdag. Men på grunn av mildt ver vil nok dette koma som regn i Røldal, seier meteorologen.

Men i helga vert det i det minste finver, opplyser ho.

- Det vert nokså kaldt og fint på laurdag, men spørsmålet er kor mykje snø det ligg att etter regnveret. Om det er ein meter no, skal det noko til at alt regner vekk til helga, men det vert nok ingen puddersnø, dessverre, avsluttar Holmøy.

Følg med på veret og føret i Røldal på webkameraet vårt!

Mest lese no



Mest sette bileteserier




HFs kundesenter




Abonner på e-avisa


null

...

Tufte med motorsaga

Web-TV Olaf Tufte har byttet årene med en potent motorsag, og gyver løs på VM i timbersports.

Se video

Bilete inn- og utland

Superflyet i Norge

...

Norwegian nye superfly er i Norge. Bli med på en omvisning.

Se bildene her

Lyseblått Manchester!

...

Manchester City jublet som gale etter at gullet ble sikret fem minutter på overtid hjemme på Etihad!

Se bilder av gullfeiringen!

Overtidsdramatikk

...

Brann og Strømsgodset tok sesongens første 3-poengere. I Lillestrøm reddet Dorsin ett poeng for Rosenborg på overtid.

Se alle bildene fra 2. serierunde!


Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.