Måndag var utflyging av heismastene til dei nye skiheisane ved Røldal skisenter i full gang. Heis 1 er allereie komplett og manglar berre godkjenning frå Norske Veritas.
Oddvar Bratteteig, dagleg leiar ved Røldal skisenter, håpar alle tre heisane er klar til 01. desember som planlagt, men innser at den lengste heisen heilt øvst kan verta nokre dagar forseinka.
- Heis 1 og 2 vert i alle fall klare til planlagt opning, forsikrar Bratteteig. Sistnemnde er den gamle heis 2 som no er bytt ut med ein parallellheis, og denne er 150 meter lenger, medan heis 1 er 100 meter lenger enn den opphavlege. Felles for dei begge er at dei er meir driftssikre og har større kapasitet. I tillegg er begge desse tallerkenheisar.
Tunge master
Då HF vitja skisenteret arbeidde dei med å fyke ut heismastene til den siste heisen. Ved utfyking av sement til fundamenta, var det Airlift som hadde oppdraget, men grunna vekta på lasta, måtte Røldal skisenter spørja seg for andre stader. Valet fall på Helitrans som har hovudbase i Trondheim.
- Dei største mastene er på heile 2,5 tonn, og Airlift kan vel maks ta rundt 1300 kg, seier Bratteteig og fortel vidare at samla, med master, bånd- topp- og endestasjonar, i alt er 37 delar som skal fykast ut med helikopter.
Vind problematiserer
- Det som gjenstår på heis 3, etter at alle delane er flydd ut og montert, er å retta inn master, trekka vaier og spleise denne. Deretter køyrer vi ein to-dagars test av vaieren for å forsikre oss om at alt er som det skal. Etterpå vert krokane festa på og til slutt gjenstår godkjenning av Norske Veritas, fortel Bratteteig. Då HF er til stades er veret nydeleg og alt ser ut til å liggja til rette for ein effektiv dag. På toppen lurar likevel ein sterk vind som problematiserer arbeidet.
- Monteringsarbeidet er i gang, men den eine masta må førebels ligge grunna vindforholda. Det er ikkje den fortgangen i arbeidet som vi hadde rekna med, fortel Bratteteig som likevel er optimist.
- Men det kjem jo ein dag i morgon også! smiler Oddvar.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Vi viser deg de hotteste og nyeste trendene fra Gave- og interiørmessen i Lillestrøm.
Se bildene her
Siste kommentarar