Litt forsinka, overtar dei første eigarane leilegheitene i Hordatun Panorama i dag onsdag. Urban eksklusivitet midt i fjellheimen har slått godt an hos kjøparane.
Leilegheitene i Hordatun Panorama skulle stått ferdige i slutten av august, men grunna mangel på diverse material, vart opninga utsett.
Det første huset ein kan sjå frå hovudvegen er ferdig i dag. Husværa i det andre huset bakom, vil først stå klare rundt 1. desember. I alt er det 36 sjølveigarleilegheiter - alle kan knytast opp mot eit utleieselskap.
På heimesida til Hordatun står det at ein her kan få «urban eksklusivitet midt i fjellheimen». Alle leilegheitene er leverte med eit utstyrt kjøkken og alt av kvitevare, parkett og varme i golv.
Wenche Hommersand frå Sandnes er ei av dei som har kjøpt ei luksusleilegheit på toppen av det øvste bygget til Hordatun Panorama.
- Det er lagt vekt på gode fasilitetar. I staden for å gå tre timar på ski for å komma fram til ei iskald hytte, kan eg køyra tre timar og kosa meg med ein gang.
- Eg har prøvd begge delar, men eg trur dette er ei løysing folk vil ha i dag. Det blir mindre vedlikehald og praktiske ting. No kan eg kosa meg meir og gjera det eg har lyst til, seier Hommersand.
- Har du kjøpt leilegheit hovudsakleg for utleige eller berre til eige bruk, altså business eller pleasure?
- I første omgang, begge deler, seier Hommersand som har sett Røldal sitt potensiale:
- Det har lagt i dvale som skistad i mange herrens år, men eg meiner Røldal er «the coming place». Sirdal, som er næraste skistad og konkurrent til Røldal, har ikkje så bra snøforhold.
Også Odda vil merka hyttefolket. Hommersand fortel ho allereie har bestilt inventar og reingjeringsteneste frå Odda.
- Sidan det ikkje er så stort utval av servicetilbod i Røldal, blir Odda staden dei fleste vil nytta seg av, seier Hommersand.
Firma som har arbeidd med å få opp komplekset har vore lokale. - Men vi har vore svært så internasjonale, seier byggebas Johan Holven i Røynstrand Entreprenør.
Han fortel at folk frå Tyskland, Estland, Litauen, Polen, Latvia, Tsjetsjenia og Noreg har arbeidd saman. I alt 25 stykk.
Sjølv om Panorama ferdigstilles i desse dagar, er arbeidsgjengen allereie i gang med å byggja opp nye bygg. Det neste på plakaten er Hordatun Gard som skal bli eit nytt leilegheitshotell rett nedafor Panorama.
Det skal etter planen stå ferdig til utleie i skisesongen neste år.
- 1. oktober neste år, skal Hordatun Gård stå klar. Den skulle stått ferdig til påske, men er kraftig forseinka, seier investor Robert Pettersen. Han legg til at han likevel svært nøgd med tempoet i bygginga.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Vi viser deg de hotteste og nyeste trendene fra Gave- og interiørmessen i Lillestrøm.
Se bildene her
Siste kommentarar