Jon Olav Ågotnes frå Sator skyttarlag knalla til med 348 av 350 moglege poeng på Inger og Ole Wiks minnestemne på Grostøl på laurdag. Det er ny banerekord, og svært god reklame i førekant av norgescupstemnet i august.
I helga var dei lokale skyttarlaga i Odda og Røldal vertskap for heile tre stemne. Røldalsstemnet i Røldal og Inger og Ole Wiks minnestemne på Grostøl er banestemne etter visse klassar og oppmålte lengder og avanserte digitale blinkar, medan Haukelistemnet er eit “felt-stemne”. Det vil som namnet fortel vere eit stemne der ein ikkje har like omfattande fasilitetar og det er eit poeng at skyttarane ikkje veit avstanden til blinkane. Dette er ein tevlingsform som vanlegvis har noko større appell til jegerar.
Vi vitja Grostøl på laurdag, og der var det god stemning. Det meste hadde klaffa for Jon Olav Ågotnes under laurdagens 200-skyting. Han slo sin eigen banerekord frå 2010.
Gode vindforhold, rikeleg med trening og god psyke må til for å skyte heile 348 av 350 moglege poeng. Når vi veit at blinken står 200 meter unna skyttaren og tiarfeltet ikkje er større enn ein liten mynt, ja då er det ikkje mindre enn imponerande at dei beste greier å oppnå slike poengsummar.
Det betyr også at banen er god, og soleis var stemnevert Olav Garvik godt nøgd då vi møtte han. Han hadde med seg 30 andre frivillige i skyttarlaget, som organiserte stemnet for 300 skyttarar, med kantinedrift, resultatservice, parkeringsvakter, sekretariat og mykje anna. Med moderne digitalt utstyr og eit godt påkosta bygningsmasse er Grostøl ein skytebane til rundt åtte millionar kroner. Då er det moro at skyttarar frå heile landet melder seg på.
- Det har gått veldig fint så langt, og skyttarane har fått gode resultat. No skal det skytast vidare i dag og i morgon, så vi har jo ikkje endeleg resultat, men Ågotnes har jo gjort det skarpt med sine 348 poeng. Det er ny rekord, men like bak ligg Liv Sollesnes frå Jondal med 347 poeng og Tor Harald Lund frå Søgne med 346 poeng. Liv er skyttarprinsesse og Lund er tidlegare skyttarkonge. Det betyr mykje for oss at dei beste kjem og at dei attpåtil gjer det så bra.
- Bra for omdømet til banen?
- Ja, absolutt, og bra i førekant av norgescupstemnet vi skal ha i august, fortel Garvik.
Nærmare bestemt den 10. august, og då ventar dei storinnrykk av skyttarar.
- Vi har 700 påmeldte så langt, men reknar med at vi endar på ca 1500. Då vil det verte skyting heile veka, fortel Garvik. Like etter går Landsskyttarstemnet på Voss av stabelen, der fleire av våre lokale skyttarar deltek.
Stemna går heile helga, så vi vil kome attende med meir resultat og stoff frå Røldal og Haukeli i papiravisa og på nett.
HF nyhende I samband med kvitkalking i rundkøyringa blir riksveg. 13 Vallaviktunnelen i Hardanger stengd for trafikk tre netter denne veka. Les meir