To menn var innblanda i eit slagsmål i Odda sentrum natt til søndag. OPPDATERT.
Ein av desse vart køyrt til Odda sjukehus for sjekk. Ifølgje politiet verka han ikkje til å vera alvorleg skadd.
Dobbel dose
Minst ein av dei involverte vil bli meldt for ordensforstyrring, pluss urinering på offentleg stad.
Hendinga er meldt inn til Hordaland polititdistrikt kl. 02.27.
Drakk offentleg
Same kveld vart ein person meldt for drikking på offentleg stad i Odda sentrum. Vedkomande vart først oppfordra av politiet til å helle ut drikka, men retta seg ikkje etter det, og vil difor bli meldt for drikkinga.
Altså minst tre forhold som politiet må følgja opp i ettertid, og som vil få konsekvensar for gjerningsmennene.
HF nyhende Riksveg 13 ved Vallaviktunnelen blir stengt for trafikk på fredag. Årsaka er at det skal gjennomførast brannøving i tunnelen, Les meir
HF nyhende Kommunstyret skulle i dag vedta å opprette Odda parkering AS, men saken ble utsatt. Les meir